Heime på Fjone følgjer Tone Wik Kåsa med på TV-programmet «Jakten på kjærligheten» der ho sjølv er ein av friarane i år.

Tone (26) jaktar på kjærleiken

Tone Wik Kåsa er odelsjente frå Fjone, og aktuell som friar i «Jakten på kjærligheten» på TV2.

Publisert Sist oppdatert

Ho har drøymt om mann, born og familie. Og har data litt.

– Men eg har ikkje funne den rette, seier Tone Wik Kåsa. 

Det var ei venninne som fyrst tipsa henne om Daniel, ein bonde frå Steinkjer som var med i «Jakten på kjærligheten». Ho meinte at han måtte vere ein god kandidat for Tone.

– Men eg var veldig skeptisk, seier Tone.

Ikkje til Daniel, men til det å skulle sjekke opp nokon på TV.

Det var fleire av venninnene til Tone som meinte at ho burde prøve å kapre bonden Daniel. Og når ho fekk tenkt seg om så var ho eigentleg litt einig i at dette kunne vore ein mann for henne. Ho tok mot til seg og skreiv eit brev til bonden, og tenkte ikkje så mykje meir over det – før ho fekk telefon frå TV2. Dei fortalde at ho var ein av dei Daniel hadde plukka ut. 

Da måtte ho ta stilling til om ho ville vere med på TV-programmet. Daniel hadde fått over 200 brev, og Tone var ei av dei seks han hadde plukka ut. 

– Eg tenkte vel at eg ikkje hadde så mykje å tape om eg blei med, seier ho.

Og ho kunne jo også ende opp med å finne den store kjærleiken.

Odelsjente

Tone er oppvaksen på gard på Fjone, og odelsjente sjølv. Så det var ikkje garden i Steinkjer som freista. 

Tone Wik Kåsa er odelsjente på denne garden på Fjone.

– Nei, eg kan eigentleg godt tenke meg å bu her, seier ho.

Men om ho skal busette seg på slektsgarden på Fjone meiner ho det vil vere fordel å finne seg ein mann som har litt erfaring med å bu på gard, eller ein som er open for det i det minste.

Og då ho kom til Steinkjer så viste det seg at Daniel ikkje hadde overtatt garden, og at det heller ikkje var sikkert at han skulle gjere det. 

– Så han kan vere flyttbar, seier Tone litt lurt.

For ho har ikkje lov å røpe noko som helst.

– Da kan eg få ei bot på 150 000, seier ho.

Det har vore den største utfordringa med å vere med på «Jakten på kjærligheten». Programmet vart spela inn i vår. Og ho får ikkje lov å røpe noko. Og for friaren, som både er open, snakkar rett frå levra og seier ho er ekstremt dårleg til å lyge, har det vore vanskeleg.

– Så nå gøymer eg meg bort her på Fjone, ler ho.

Sidan sommarferien har ho budd heime på garden og jobba som vikarlærar på skulen i Treungen. 

– Ei fin oppleving

Det er fleire grunnar til at Tone ville bli betre kjent med Daniel.

Ho fekk inntrykk av at han såg for seg eit litt likt liv som henne, at han var klar for å slå seg til ro. I tillegg meiner ho dei begge er glad i fart og spenning, og ikkje er så redde for utfordringar. Og kanskje viktigaste av alt:

– Han såg snill ut. Det er undervurdert, men veldig viktig.

Under innspelinga vart dei filma frå dei stod opp til dei la seg. Og det å skulle vere seg sjølv og prøve å gjere eit godt inntrykk på bonden med kamerateam rundt var ei utfordring. Og så var det jo spesielt at dei var fleire jenter som skulle prøve å imponere den same mannen. 

Men sjølv om det var rart å ha eit TV-produksjonsteam rundt seg heile tida meiner ho det likevel var ein fin måte å bli kjent på. For det å finne den rette er ikkje berre lett med dagens dating-kultur, meiner Tone.

Dei siste åra har ho budd i Oslo. Der opplever ho at det er lett å date, men vanskeleg å finne det ein er ute etter.

– Og eg opplever at det er litt bruk og kast, seier ho.

Nå er det ikkje slik at ho har stressa veldig med å finne seg ein kjærast. Men ho ynskjer seg eit varig forhold.

– Og datingappar er ikkje noko for meg.

– Kva med marknaden her i Vest-Telemark? Er det ikkje nokon ungkarar her?  

– Haha. Eg må innrømme at det har eg ikkje sjekka ut. Eg flytta heimanfrå då eg var 15, har budd åtte år på Sørlandet og to år i Oslo, seier ho.

–Men Fjone er litt lite. Eg må nok bevege meg litt lenger ut. 

I midten står programleiar Jan Thomas og bonden Daniel. Rundt står dei seks friarane. – Og me har blitt gode venninner, fortel Tone.

TV2 serien som har fjorten episodar, og går over sju veker, er alt godt i gang. 

Tone har vore spent på korleis programmet kom til å bli, og ser episodane for fyrste gong heime saman med familien.

– Og det er skikkeleg kleint, seier ho.

Heldigvis har ho berre fått positive tilbakemeldingar til nå.

– Så eg trur ikkje eg har gjort skam på bygda, seier ho.

Korleis det går med Tone og kjærleiken får me ikkje vite før programmet er over. Men ho angrar ikkje på at ho blei med.

– Det har vore ei veldig fin oppleving. Og eg er fornøgd med utfallet, seier ho.

Powered by Labrador CMS