Sjukehusdirektør Tom Helge Rønning og styreleiar Anne Biering.

Sjukehusstyret avviklar DPS i Seljord. – Ein ulykkeleg situasjon

Med ni stemmer for og to imot vedtok styret i sjukehuset Telemark å avvikle døgnposten ved Seljord DPS. 

Publisert Sist oppdatert

Saka er oppdatert

– Ein ulykkeleg situasjon.

Det var orda sjukehusdirektør Tom Helge Rønning brukte då han innleiingsvis uttala seg  om saka knytt til vidare drift av Seljord DPS. 

Han hadde inntrykk av at det hadde blitt jobba godt over tid for å få tak i ein psykiater til sengeposten i Seljord, men at dei likevel ikkje hadde lykkast, og derfor stod utan frå nyttår. For å sikre forsvarleg pasientbehandling meinte han det ville vere rett å flytte pasientane til andre lokasjonar på sjukehuset.

Avdelingsleiar for DPS Telemark Espen Halvorsen og klinikksjef for psykisk helsevern og rusbehandling Kjetil Christensen på veg inn til møtet på Notodden onsdag morgon.

– Og som ein konsekvens av det avvikle døgnposten i Seljord. 

Korleis ein skal vareta pasientane innanfor dei rammene ein har på sjukehuset var ikkje heilt klart. 

– Me har førebels ikkje alle svara. Dette er noko me jobbar med, sa direktøren. 

Får ikkje tak i overlege

Avdelingsleiar ved DPS Telemark, Espen Halvorsen, orienterte styret om korleis leiinga hadde jobba for rekruttere psykiater til posten i halvtanna år, at dei hadde lyst ut stillinga i heile Norden, tilbydd auka løn og i samarbeid med Vest-Telemarkrådet også gratis bustad. 

Han fortalde at dei i periodar har nytta seg av vikarbyrå, men at dei heller ikkje alltid klarer  å levere personar med spesialistkompetanse innan psykiatri.  Han meinte derfor at vikarbyrå var ein lite berekraftig modell for drifta i Seljord.  

Nordsjøturnus er også ei ordning dei har sett på, men funne ut at det vil vere lite aktuell for avdelinga i Seljord. Med ei slik ordning vil det vere behov for to til tre tilsette. Halvorsen meinte blant anna at det vil vere uheldig for pasientar å måtte forhalde seg til fleire legar under behandlingsopphaldet. 

– Vår vurdering er at det ikkje er godt nok når det gjeld  den type drift som me ynskjer å stå inne for i forhold til pasientar med psykoselidingar, sa han.

Frå nyttår står dei utan overlege. 

– Når me er i den situasjonen må fokuset vere å vareta pasientane, sa han.

Halvorsen la vekt på at Telemark samanlikna med andre sjukehus har god døgnkapasitet innanfor vaksenpsykiatrien, at pasientane har fleire liggedøgn og at det alltid var ledige senger. 

– Me er godt stilt i Telemark samanlikna med innbyggjartalet, sa han.

Når det gjeld den brukarstyrte senga som er i Seljord i dag meiner Halvorsen at det er eit tilbod som vil falle bort eller eventuelt bør bli flytta til ein annan lokasjon. Fleire av brukarane får også eit tilbod om poliklinisk oppfølging. 

– Og denne oppfølginga skal halde fram, sa han.

Avdelingsleiaren forsikra også at dei tilsette skulle bli varetatt.

– Alle er sikra jobb i helseføretaket, sa han.

Halvorsen stadfesta på spørsmål frå ein styremedlem at det vil få konsekvensar som lenger reiseveg for tilsette. 

Sjukehusdirektøren tok ordet.

– Eg har lyst til å leggje til at dette er eit høgkompetent miljø, sa han. 

Rønning var tydeleg på at ingen skal stå utan jobb etter avviklinga. At det her var snakk om kompetente tilsette som ville kunne få gode moglegheiter andre stader. Men han hadde også forståing for at det for mange ville bli lang reiseveg.

– Har de vurdert å auke kapasiteten?

Johanne Haugan hadde også eit spørsmål til DPS-leiaren. Ho hadde lagt merke til at det fleire gonger hadde blitt uttrykt at fagpersonar ynskjer seg eit større fagmiljø.

– Har de vurdert å auke sengekapasiteten og den polikliniske kapasiteten i Seljord. Kunne det vore lettare å rekruttert då? spurde ho.

– Å opprette fleire senger i Seljord har me ikkje vurdert, svara Halvorsen, og la til at det også var vanskar med å rekruttere då det var poliklinikk og fleire tilbod i Seljord. 

Sidan kapasiteten på døgnplassar er god i Telemark meinte han at det heller ikkje var aktuelt å opprette fleire senger.

– Eg meinte ikkje å opprette nye senger, men å flytte kapasiteten, sa Haugan.

Christensen tok ordet.

– Me slit med å rekruttere over alt, også i Grenland, sa han.

Klinikksjefen meinte likevel at det var vanskelegare å rekruttere til stillingar i Øvre Telemark. 

– Det er rett og slett kjempevanskeleg, sa han. 

– Eit godt fagleg tilbod

 Kine Jordbakke er kommuneoverlege i Kviteseid og Seljord, og også nestleiar i styret for sjukehuset Telemark. Ho var oppteken av at kvaliteten på tenestene til innbyggjarane skal vere både forsvarlege og gode. 

– Pasientgruppa me i dag snakkar om, er ei gruppe som ikkje alltid klarer å snakke for seg sjølv. Det er derfor ekstra viktig at nokon andre gjer det. Når det gjeld tilbodet pasientane som nyttar seg av psykoseposten i Seljord får i dag, har det aldri vore tvil om at dette har vore eit godt fagleg tilbod. Eg meiner det er svært viktig at ei eventuell nedlegging av psykoseposten i Seljord ikkje går ut over kvaliteten på tenesta til desse pasientane. Det bør heller ikkje gå ut over talet på psykoseplassar, sa ho.

Det er 11 personar i styret. Kine Jordbakke, som også er kommuneoverlege i Kviteseid og Seljord, er nestleiar i styret og stemte for avvikling av døgnposten i Seljord.

Jordbakke var også oppteken av at tilbodet om brukarstyrt seng bør bli vidareført. Ho meinte at det var eit flott lågterskeltilbod som hindrar forverring av sjukdom og kan bidra til mindre bruk av tvang. 

I tillegg var ho svært oppteken av at pasientane som i dag nyttar seg av det polikliniske tilbodet på sengeposten skal bli følgd opp vidare. 

Arne Runde hadde også eit spørsmål til leiinga.

– De seier at de har snudd alle steinar. Kanskje det er ein stein til som burde bli snudd, sa han og viste til at det har kome inn ein søknad til stillinga. 

Halvorsen ville ikkje dele detaljar rundt vurderingane som har blitt gjort i samband med denne søknaden, men refererte til styreleiaren som innleiingsvis sa at ein ekstern juridisk advokat har vurdert saka og konkludert med at det ikkje ligg føre brot på diskriminering- eller likestillingslova, og at helseføretaket har følgt sine interne retningsliner. 

VTB har tidlegare skrive om psykiater Katarina Dyszy Vik som søkte jobben, men ikkje fekk den. Ho opplevde avslaget som trakassering.

To røysta mot

Etter ein liten pause var det klart for votering. 

På tilhøyrarbenken sat mellom anna ordførar i Seljord Solveig Sundbø Abrahamsen, kommunedirektør Beate Våge Lia og fleire av dei tilsette ved Seljord DPS.
På tilhøyrarbenken sat mellom anna ordførar i Seljord Solveig Sundbø Abrahamsen (f.v.), kommunedirektør Beate Våge Lia og tilsette ved Seljord DPS Borgar Sørensen, Silje Taugbøl Forberg, Ingunn Nygård Ståland og Lena Eilefstjønn.

Styreleiar Anne Biering, nestleiar Kine Jordbakke, Frode Myrvold, Per Christian Voss, Kahtan Al-azawy, Trygve Nilssen, Marjan Farahmand, Jørn Einar Rasmussen og Annette Holm Øyvang stemte for avvikling. Arne Runde og Johanne Haugan stemte mot. 

Etter voteringa hadde Jordbakke eit innspel. 

– Eg ber administrasjonen utarbeide ein konkret plan for oppfølging av pasientar som i dag har avtale om brukarstyrte senger, og polikliniske pasientar som blir varetekne av oppfølgingsteamet ved sengeposten. Planen må tydeleggjere korleis desse pasientgruppene skal følgjast opp framover, kvar dei brukarstyrte sengene skal liggje, og korleis oppfølgingsteamet skal byggjast opp under ny struktur, sa ho og bad administrasjonen om å leggje fram planen for styret innan utgangen av året.

På tilhøyrarbenken var ordførar i Seljord Solveig Sundbø Abrahamsen og kommunedirektør Beate Våge Lia. Fleire av dei tilsette ved Seljord DPS hadde også møtt fram for å få med seg diskusjonen.

– Ein trist dag, var reaksjonen frå Lena Eilefstjønn.

 

Powered by Labrador CMS