Reagerer kraftig på at det går mot nedlegging
Ordførar i Tokke, Jarand Felland, meiner Sjukehuset Telemark kan rekruttere psykiater til døgnposten DPS Seljord om dei vil. Sjukehuset svarar at dei gjer alt dei kan. Prostidiakon Eilev Erikstein fryktar at ei nedlegging får store konsekvensar.
– Sjukehuset Telemark kan lett rekruttere ein psykiater, dersom dei ville vurdert ei ordning med Norsjøturnus.
Det hevdar ordførar i Tokke, Jarand Felland.
Førre veke var han digitalt til stades i eit møte med Sjukehuset Telemark ved klinikksjef for psykisk helsevern og rusbehandling, Kjetil Christensen, og avdelingsleiar Espen Halvorsen.
Felland reagerer kraftig på at sjukehuset har varsla ei mogleg nedlegging av døgnposten på DPS Seljord, og meiner sjukehuset ikkje har gjort nok for å få tak i psykiater.
– Eg visste heller ikkje at det går mot nedlegging før eg leste det i ei avis. Eg opplever at sjukehuset brukar rekrutteringskortet som påskot for å legge ned døgnposten.
– Det er mykje å gå på
– I statsbudsjettet for 2024 blei løyvinga til psykisk helse og rus auka med 360 millionar kroner. Det skulle nyttast til ein opptrappingsplan med tre innsatsområde: helsefremmande og førebyggande psykisk helsearbeid, gode tenester der folk bur og tilbod til personar med langvarige og samansette behov. Samstundes har styret i Sjukehuset Telemark planar om å legge ned ein døgnbemanna institusjon med plass til ni brukarar på DPS Seljord, seier Felland.
Han meiner det er mykje å gå på når det kjem til fleksibilitet.
– Ein kan ha vakter av ulik varigheit, heimekontor og Norsjø-turnus. Ein psykiater i Norsjø-turnus kunne ha jobba litt i Seljord og litt på Notodden til dømes.
Felland hevdar snevre, økonomiske vurderingar blir gjort utan å tenke på samfunnet som heilskap.
– At brukarar i Vest-Telemark skal måtte reise langt for å få psykiatrisk hjelp er stikk i strid med målet om gode tenester der folk bur.
Felland meiner sjukehuset nå må snu seg rundt for å finne ei løysing.
– Me kan ikkje leggje ned fordi me ikkje finn legar, det blir for enkelt. Viss ein verkeleg vil redde eit tilbod, som i Seljord er ei avdeling med høg, psykiatrisk kompetanse bygd opp gjennom mange år, ja, då gjev ein ikkje berre opp.
Han meiner at ei nedlegging nå kan bety at endå meir blir lagt ned om nokre år.
– Dette er veldig trist. Alle snakkar om at me må styrke psykiatrien, og så vil dei berre legge ned i Seljord.
– Me har enno ikkje lykkast
– Sjukehuset har, etter faglege vurderingar av Nordsjø-turnus som arbeidstidsordning for overlegar ved døgnseksjonen i Seljord, konkludert med at dette ikkje er ein berekraftig modell. I ei slik ordning må to eller fleire legar dele på behandlingsansvaret for pasientane. Pasientgruppa er best tent med kontinuitet over tid, fordi sjukdomen i mange tilfelle er av kronisk karakter, seier avdelingsleiar Espen Halvorsen.
Er det at ein ikkje får tak i psykiater ei unnskyldning for å legge ned døgnposten?
– Det er ikkje tatt noko avgjerd om nedlegging av døgnposten. Døgntilbodet i Seljord har god kvalitet og er viktig for både pasientar og behandlingstilbodet ved Sjukehuset Telemark. Det er grunnen til at det er lagt ned betydelege ressursar for å tilsette, men me har enno ikkje lykkast.
Har sjukehuset gjort alt de kan for å få tak i overlege/psykiater til Seljord?
– Sidan vår 2024 har sjukehuset lagt ned ein stor arbeidsinnsats for å jobbe aktivt med rekruttering av overlegar til pasienttilbodet i Seljord. Sjukehuset har lykkast med rekruttering til det polikliniske tilbodet, men ikkje til døgnseksjonen. Stillinga er lyst ut fleire gonger i Noreg og Norden i halvtanna år. Saman med Vest-Telemarkrådet har me samarbeida om utlysingstekst og rekrutteringsvideo. Me har også jobba med å tilby gode vilkår som gratis bustad og lønnsvilkår.
I statsbudsjettet blei løyvinga til psykisk helse og rus auka med 360 millionar kroner, og viktige innsatsområde var blant anna gode tenester der folk bur og tilbod til personar med langvarige og samansette behov. Samstundes går det mot nedlegging i Seljord. Korleis forsvarer de det?
– Sjukehuset Telemark brukar betydelege ressursar på området psykisk helse og har solide pasienttilbod til målgruppa. Skulle sjukehuset kome i ein situasjon der nedlegging må vurderast, er det berre éi årsak til det, og det er viss me ikkje lykkast med rekruttering av overlege. Utan overlege kan ikkje sjukehuset gje pasientane den behandlinga dei treng, og sjukehuset ville ha drifta uforsvarleg.
– Det blir for dumt
Prostidiakon i Vest-Telemark, Eilev Erikstein, er også uroleg for det som skjer i Seljord.
– Eg har vore på DPS Seljord i 15 år som diakon, og har òg jobba fire år på Gaustad sjukehus. Eg veit at det er dei sjukaste pasientane, dei med alvorlege diagnosar – som treng skjerming på institusjon – som nå blir hive ut i uvisse, og blir kasteballar i eit stort system. Dei som til vanleg har ringt til Seljord når dei treng det, skal nå få høyre; du kan kome til Skien på måndag.
Han meiner at 20 fagstillingar i Seljord må vektast høgare.
– Mange stader slit ein med å få tak i sjukepleiarar og fagfolk, her er det nok av dyktige fagfolk, men det står og fell på ein psykiater. Det blir for dumt. Nå må ein leggje korta på nytt, eg trur ikkje alle løysingar er prøvd. Eg synest sjukehuset kastar folk under bussen nå, både sjukepleiarar og pasientar.
Han seier at han trur det er ei styrt avvikling.
– Men det er eit verdival. Og det vedgår heile nettverket til den som er sjuk. Eg vil oppfordre psykiatatarar til å søke seg til Seljord! Det er eit stort behov for desse institusjonsplassane.