Raudgrøn budsjettavtale: Nasjonalt månadskort, billigare diesel og tannhelsereform
(NPK-NTB): Ap, SV, Sp og Raudt er samde om statsbudsjettet for neste år. Det har førebels ikkje fleirtal, sidan MDG har varsla at dei ikkje støttar det.
– Då vi starta, var vi fem parti som skulle bli samde. No står vi her, fire parti som har funne ei semje, sa Aps forhandlingsleiar Tuva Moflag då ho innleidde pressekonferansen i vandrehallen onsdag.
Ho la fram eit forslag til statsbudsjettet for neste år saman med Bjørn Arild Gram (Sp), Marte Hammer (SV) og Mimir Kristjansson (Raudt).
Dei raudgrøne partia har fått 7,411 milliardar kroner ekstra i oljepengar frå Arbeidarpartiet. I utgangspunktet var oljepengebruken på 608,4 milliardar kroner.
Billig månadskort og dieselkutt
Partia er mellom anna samde om kutt i dieselprisane, nasjonalt månadskort til 499 kroner og at alle over 75 år skal få 75 prosent rabatt hos tannlegen neste år. Vidare blir det gitt pengar til ekstra bemanning i barnehagane, og kommunane får fleire frie midlar. Kutta i Posten blir også redusert med 200 millionar kroner, omtrent halvparten av kuttforslaget frå Arbeidarpartiet.
– Steg for steg bevegar vi Noreg i rett retning. Dette er rett og slett eit skambra budsjettforlik, sa Mimir Kristjansson i Raudt.
– Karius og Baktus, your boys took a hell of a beating, sa Kristjansson, med tilvising til tannhelseforliket og Bjørge Lilleliens historiske kommentering då Noreg slo England i fotball i 1981.
Budsjettforliket er totalt på 13,4 milliardar kroner.
Kaosinnspurt
Då budsjettfristen gjekk ut klokka 10 forlét MDG forhandlingsrommet:
– Eg har gitt beskjed til Arbeidarpartiet om at vi ikkje kan stå bak det budsjettforslaget dei har lagt fram. For oss er budsjettforslaget altfor dårleg på klima, sa MDGs forhandlar Oda Indgaard då.
Tuva Moflag, som har leidd forhandlingane for Arbeidarpartiet, gav då ingen kommentar.
Sidan MDG ikkje støttar forslaget, er det ikkje avklart om det kjem til å få fleirtal i Stortinget.
Det same skjedde også i fjor, då MDG braut forhandlingane og SV ikkje ville støtte eit forslag som ikkje hadde fleirtal. Dei slutta seg seinare til forslaget, som blei vedteke.
Hovudpunkta
Dette er noko av det dei fire partia er samde om:
* 200 millionar kroner til Posten for dørterskelteneste.
* Nasjonalt månadskort til 499 kroner.
* Kutte dieselavgiftene med 1,25 kroner per liter.
* Finansiering av tannhelsereforma slik at alle over 75 år får 75 prosent rabatt frå 1. juli.
* Barnehageprisen blir kutta med 200 kroner og det blir gitt 500 millionar kroner ekstra til bemanning i barnehagane.
* 1 milliard kroner ekstra til sjukehusa.
Stortinget skal debattere og votere over statsbudsjettet måndag 7. desember.
50 millionar til nærbutikkane
Senterpartiet melder i ei pressemelding at gjennom budsjettforhandlingane har sikra 50 millionar kroner meir til nærbutikkane. Dermed blir Arbeidarpartiets framlegg til kutt reversert, samstundes som Merkurordninga blir styrkt.
Ap føreslo å kutte 35,7 millionar i Merkurordninga.
– Nærbutikkane våre er langt meir enn ein stad å handle mat. Nærbutikkane bidreg til å oppretthalde lokalsamfunn over heile Noreg. Dei sikrar viktige tenester, lokale arbeidsplassar og er ein viktig møteplass i mange lokalsamfunn. Senterpartiet vil leggje til rette for at folk skal kunne bu og leve i heile Noreg. Då må vi satse på nærbutikkane, ikkje svekkje dei slik Arbeidarpartiet la opp til, seier partileiar Trygve Slagsvold Vedum i pressemeldinga.
(©NPK)