Sommargjesten Randi Irene Sørheim.

Randi ville vist fram Rui og Soria Moria 

Publisert Sist oppdatert

Namn: Randi Irene Sørheim

Alder: 58 år

Bur: Rauland

Gjer: Idrettspedagog ved Rehabiliteringssenteret i Rauland (AiR)

Kva er planane dine denne sommaren?

Eg skal til Stamsund og Lofoten, der yngste dottera bur og jobbar som sjukepleiar. Deretter skal eg vere med mitt fyrste barnebarn og visa han vakre Vikøy.

Har du eit sommarminne du vil dele?

Å springa i blomstereng med handduk og i badedrakt ned til Holmen, der andre kjente er, og slenge seg ut i Hardangerfjorden.

Kven gjorde sist noko for deg som du sette pris på?

Ein besøkande venn hadde klipt langtvoksande gras til me kom heim og sett att eit hjarte.

Kva opptek deg i lokalmiljøet?

Fellesskap, gode møteplassar og varetaking av natur.

Kvar i Vest-Telemark vil du helst vera ein fin sommardag?

På Totak, i trebåten Vigør, med lett, fin seglvind.

Kva ville du vist til nokon som kom til Vest-Telemark for fyrste gong?

Eg ville ha tatt dei med på tur til Rui og leigd badstova Soria Moria etterpå.

Har du eit ord eller uttrykk frå Vest-Telemark du likar godt?

Når det er gnæsikjøver det, og då blir kofslesvøddar, og det kan bli svikhålt og fuballføre

Nokon du vil sende ei sommarhelsing til?

Sender ei sommarhelsing til Irja Godal!

Powered by Labrador CMS