Simon Devos og Ane Viktoria Strøm Linde var aktivitetsleiarar for Sommarskulen.

Populær sommarskule i Seljord: – Det har vore veldig givande

475 ungar var med på aktivitetar i regi av Sommarskulen i Seljord. 173 av dei var unike deltakarar, og Ane Viktoria Strøm Linde og Simon Devos var to av aktivitetsleiarane.

Publisert

– Eg håpar me kjem til å klare å fortsette med dette, og at me har like dyktige leiarar framover.

Slik avslutta ordførar i Seljord, Solveig Sundbø Abrahamsen, ei orientering i formannskapet, der aktivitetsleiarar frå Sommarskulen oppsummerte ein svært vellukka sommar.

– Det har vore ein veldig givande og unik sommar, fortalde Ane Viktoria Strøm Linde, som har vore aktivitetsleiar saman med Simon Devos.

Sommarskulen gjekk over fire veker, og det var totalt 23 aktivitetar på 20 dagar. 

– Me måtte berre endre éin dag frå utedag i Flatdal til kosedag på Mjølkerampa. 

– Stort samhald

Ane og Simon jobbar til vanleg på Mjølkerampa ungdomshus i Seljord, og tok i sommar også på seg ansvaret for Sommarskulen. Dei har fått mykje skryt for gjennomføringa, i følgje kultursjef Asbjørn Storrusten.

– Totalt var det 475 deltakarar med på aktivitetane i sommar. Av dei var 173 unike deltakarar frå 1. til 10. trinn, fortalde leiarane.

Simon, som har hatt eit ekstra ansvar for nokre av borna og aktivitetane, fortalde om stor variasjon i aktivitetar.

– Og me har møttest på tvers av klassetrinn og bustad, sa Ane.

11 vaksne var med som leiarar under Sommarskulen.

– Det var stort samhald og mykje glede, fortalde Ane og Simon, og la til at det verkeleg er behov for eit tilbod som dette i Seljord.

Powered by Labrador CMS