
Sommarskulen i Seljord: – Me har både nytt og kjent på programmet
No er sommarskulen i gang igjen. Aktivitetsleiarane seier at det vil skje mykje moro i sommar. Ambros Rønjom-Rue fortel også om korleis det er å jobbe i sommarskulen.

Årests aktivitestsleiarar er klare for sommaren og gler seg til alle aktivitetane dei skal styre i sommar.
Den nye koordinatoren i sommarskulen Ane Viktoria Strøm, seier dei skal prøve mykje nytt i år, som kanotur, keramikkurs, lasertag og bowling.
I tillegg skal dei arrangere gamle klassikarar som tur til Bjørge besøksgard, ha matlagingskurs og målekurs.
– Kom på sommarskulen, det er moro!
Ambros Rønjom-Rue frå Svartdal er ein av årets aktivitetsleierar. Han seier at dei hadde fleire aktivitetar på fotballdagen på fredag.
– Me koser oss med vanleg fotball, kamp og boblefotball, og til og med litt frisbeegolf, seier han.

Han meiner sommarskulen er ein kjempefin moglegheit til å vere aktiv i sommarferien, og gjer at dei som ikkje har så mykje å gjere i sommarferien får gjort noko moro.
– Det er fleire som ikkje har noko anna å finne på, og då er det fint å aktivere dei, seier han.
Rønjom-Rue fortel at dei har vore på Sneie i Åmotsdal, og på Høyt og lavt i Bø.
Dei arrangerer ulike aktivitetar for ungane i ulike aldre, og Rue fortel at sidan dei gjer så mykje ulikt er det noko for alle å vere med på.
– Me håpar jo at dei som vil blir med, seier han.
Dei gode samtalane
Ambros Rønjom-Rue fortel at han trivast godt i jobben.

– Eg får jo vere med på mykje spennande, og gjort mykje eg ikkje hadde gjort om eg hadde ein annan jobb, sieier han.
Han fortel at dei skal på vannski i neste veke.
– Men det beste med jobben er dei gode samtalane, seier han.
Rønjom-Rue pratar om kor moro han har det på jobben når han pratar med ungane som deltek på dei ulike aktivitetane.
– Det er sjølvsagt moro å prate med dei som er omgjenglege og pratar av seg sjølv, men det er også kjempegøy å få dei litt meir sjenerte til å opne opp, seier han.
Han oppfordrar dei som vil til å dra på sommarskulen sjølv om dei ikkje har vener som skal.
– Sommarskulen er ein kjempegod moglegheit til å få nye vener, seier Rønjom-Rue.
