Motorsykkelkrasj i Kviteseid

Ein sjåfør er køyrd til sjukehus.

Publisert Sist oppdatert

Naudetatane rykka sundag ut til ei melding om ein motorsykkel som hadde køyrd inn i eit autovern ved Kilenvegen i Kviteseid.

Førar av sykkelen, som var del av eit turfølge, blei køyrd til sjukehus med ambulanse for vidare undersøking. Politiet melder at det ikkje er mistanke om rus.

Det er oppretta sak, og vegen er open.

Powered by Labrador CMS