Kommentar
Me må alle ta steg inn mot bålet
– Me må bevare evna til å vere fysisk til stades med kvarandre i usemje og smerte, seier ekstremismeforskar, Cathrine Moe Thorleifsson til Aftenposten.
Eg blei sitjande og tenke på han som ikkje vil snakke med far sin fordi han sa noko dumt ein gong. Og kanskje har du ei tante som framleis er fornærma over noko som blei sagt i eit middagsselskap i 1998?
Det seiast at me er lettkrenkelege, me nordmenn. Kvifor? Og kor mykje bør me eigentleg tole?
Ganske mykje, viss me er urolege for krefter som er i sving både her heime og ute i verda akkurat nå. For det startar vel med oss?
– Dei fleste tilfelle av ekstremistisk vald blir gjort av aktørar radikaliserte i nettsamfunn, fleire med sårbarheitsfaktorar som mental uhelse og valdserfaringar i eigen oppvekst, seier ekstremismeforskaren.
Fleire og fleire av oss blir sitjande heime og kjenne på einsemd. Isolert frå andre er det lett å byggje gjerde framfor bruer. Andre folk kan bli utruleg dumme, om ein får sitje i fred med tung skyts utan at nokon stiller kritiske spørsmål. Då kan det også, i ytste konsekvens, bli aktuelt å henge seg på ekstremistiske strøymingar. Fordi det er heilt naturleg å søke mot eit fellesskap.
Me er flokkdyr, me menneske. I byrjinga sat me der rundt leirbålet, og var kvarandres vern mot farar. Nå gjev me kvarandre opp.
For kort tid sidan møtte eg Lily Reichelt. Eit strålande, snart 90 år gamalt ansikt, smilte gjennom tårer mens ho fortalde om ein dramatisk oppvekst som krigsfange i Indonesia. Lily har all grunn til å vere bitter og fordomsfull. Men trass i svært vonde minne frå barndomen har ho vald å gå vidare. Og ho har funne mykje godt i folk på livsvegen.
Mennene på pilegrimsferd over Haukeli, som har mista nokon nære i sjølvmord, har også gått vidare. På tur over fjellet fann dei trøyst hos kvarandre, og håp for turen vidare.
Me møter alle på utfordringar i livet, i større eller mindre grad. Men å trekke seg inn i eit skal, å velje isolasjon når livet blir vondt eller vanskeleg; det er ikkje ei god og varig løysing skal me tru dei som jobbar med psykisk uhelse.
– Det me treng er å vere i lag med andre, og å finne ei meining i det me gjer. Om det er å ta ein kaffi med nokon på Frivilligsentralen eller hjelpe nokon med noko; me treng å vere saman, seier prostidiakon Eilev Erikstein. Så legg han til;
– Ein blir ikkje frisk av å sitte i ein psykologstol å snakke om at ein saknar fellesskap. Folk treng folk, alminnelege folk, medvandrarar på turen. Eg trur det ligg mykje lækjedom i relasjonar.
– Folk må rett og slett koma seg meir ut av husa sine, seier Bertha og Turid i Seljord seniordans. Det aller viktigaste med dansen for dei er det sosiale. Dei seier at alternativet; å bli sitjande heime framfor ein skjerm, er dårleg.
– Isolasjonskrefter er det mange av. Og dei er livsfarlege, sa Olav Vesaas på litteraturdagane i Vinje. Han snakka om at temaet dukka opp i fleire av bøkene til far hans, Tarjei, og at han, gjennom personar som var isolerte, skildra korleis det å ha lite menneskeleg kontakt utgjer ein stor fare.
I dag, 10. oktober, er verdsdagen for psykisk helse. Årets tema er «Me treng å styrke vår psykiske beredskap».
Ein telefonsamtale, ein prat med naboen eller nokon på bussen, ein tur på frivilligsentralen, kafeen eller butikken; det kan vere heilt avgjerande for nokon at du stoppar opp og bryr deg.
Og til deg som kjenner på einsemd; er det noko du kan gjere for nokon som hadde sett pris på litt hjelp eller berre ein prat?
Me må jobbe med å bevare evna til å vere til stades for kvarandre. Me treng ikkje å vere einige i alt, men;
– Det er i nære augneblink empati og forsoning skapast, seier ekstremismeforskaren.
Då kan ein ikkje alltid seie at det er den eller dei andres feil. Me må alle ta steg inn mot bålet.