Stemninga er god når Turid Bredesen (t.v.) og Bertha Gjerlid svingar seg på stovegolvet.

Turid og Bertha dansar seg glade: – Folk må koma seg meir ut

Turid Bredesen og Bertha Gjerlid er med i Seljord seniordans. Det meiner dei er svært bra for helsa. Nå vil dei ha med seg fleire på dansegolvet. Gjerne yngre, og gjerne menn.

Publisert

– Det har betydd veldig mykje. Sjå her, eg skal vise deg ein video.

Bertha Gjerlid (75) fortel om Seljord seniordans med stjerner i augo. Tilbodet har vore heilt avgjerande for hennar psykiske helse.

– Du skjønar, eg er over grensa sosial, eg toler ikkje å bli sitjande for mykje heime.

Ho legg til;

– Folk må koma seg meir ut. Me sit altfor mykje på telefon og nettbrett. Dess meir ein blir sitjande, dess vanskelegare er det å koma seg ut. Det går på psyken laus.

Sjølv har ho nyleg vore alvorleg kreftsjuk, og det var ei tid ho måtte sitje og sjå på at dei andre dansa.

– Å, det tok ikkje lang tid før du var med att, seier Turid Bredesen (70), styreleiar i seniordansen.

Bertha smiler.

– Det er fordi det kriblar i heile kroppen når ein høyrer musikken. Eg klarer nesten ikkje å sitje stille.

– Det kriblar i heile kroppen når ein høyrer musikken.

– Alle gjer feil, og det er heilt greitt

Bertha har vore med i Seljord seniordans sidan oppstarten i 2012, Turid har vore med i tre år.

– Som styreleiar sit eg med papir, men ordnar også med nye dansar. Me har hatt ein danseleiar, men eg har tatt ein del nå i det siste, fortel Turid.

Kva for dansar er det snakk om?

– Me er innom alle slags sjangrar, til dømes tango, vals, rumba, line dance og swing. Vanskegraden er ikkje høg.

Har du ein favoritt?

– Åja, eg er veldig glad i line dance, smiler ho.

Ein treng ikkje å ha med seg dansepartnar til seniordans, men damene vil gjerne ha med fleire menn.

– Men me får vel ikkje dratt dei med ut, spør Turid.

– Nei, det trur eg du kan gløyme, ler Bertha. 

Kvifor trur de at de er så få menn?

– Dei skal vel kunne alt før dei startar, og er kanskje redde for å dumme seg ut, seier Bertha. 

– Ein må jo bruke hovudet og konsentrere seg litt, smiler Turid.

Ho presiserer at alle på seniordans treng tid til å lære seg nye dansar.

– Me forklarar godt, og mange av oss gløymer trinna rett som det er. Instruktøren også. Alle gjer feil, og det er heilt greitt.

Bertha nikkar einig, og Turid held fram;

– Me er ikkje alltid heilt strukturerte, men det er ikkje det som er vitsen heller.

Turid og Bertha vil gjerne ha med seg fleire menn på Seljord seniordans.

– Det sosiale er viktigast

I tillegg til fleire menn, ønsker seniordansarane fleire yngre velkomen til trening.

– Du blir jo regna som senior frå slutten av 40-åra, men me har inga nedre grense, fortel Turid.

To av dansarane blir snart 90 år, og Turid og Bertha vil løfte fram kor sunt dans er for helsa.

Turid les høgt: «I ei forskningstudie publisera av Albert Einstein College of Medicine New York City kjem det fram at dans, og spesielt seniordans, er den beste form for trening, for det mentale og det fysiske. Samanlikna med andre aktivitetar, gjev seniordans betre reaksjon, betre minne, betre hjernearbeid og betre koordinering. Brukar du hjernen, utviklar du den, og den varar lenger.» 

Men må ein vere litt ekstra sprek for å koma på seniordans?

– Nei, alle har noko ein strever med, og det går an å sitje over ein dans til dømes. Det sosiale – det å vere til stades – er viktigast, seier Turid.

Me får høyre litt frå spelelista til seniorane. Det er ei god blanding av alt frå «Honey, honey» til «En bitte liten tåre.» 

– Me dansar kvar tysdag ettermiddag på Granvin, utanom i Dyrsku-veka og haustferien. Me håper å sjå fleire nye dansarar siste tysdagen no i september, seier Turid.

Bertha er sikker på at folk vil trivast om dei først kjem seg til dans.

– Dei som har starta hos oss held fram, dei vil ikkje ut att, ler ho.

– Det å vere til stades er viktigast.

– Ein blir nesten litt avhengig

Då Bertha var nyoperert etter kreftsjukdom, øva Turid litt heime i stova hennar. 

– Det blir tomt utan dansen når ein først har starta. Ein blir nesten litt avhengig, seier Bertha.

Ho fortel om mykje latter og god stemning når dansarane samlast på Granvin. Seljord Seniordans er tilknytt «Seniordans Noreg», og dei prioriterer også å dra på turar saman.

Kva ville du gjort utan seniordansen, Bertha?

– Nei, sei det, då hadde eg vel blitt sitjande her.

Dei er 16–18 dansarar på kvar samling. Nå håper Turid og Bertha at dei blir endå fleire.

– Det burde vel ikkje ha heitt seniordans når me ønsker å få med fleire yngre. Kanskje det burde ha heitt gladdans? seier Turid.

Rett før me skal gå seier Bertha til «instruktøren»;

– Nå må du vel heim og trene til morgondagen?

– Ja, det må eg. Eg kan ikkje stå og rote med papir på dansen, svarar Turid.

Og så ler dei godt begge to.

Powered by Labrador CMS