Har sjukmeldingstiltak klare: Helseminister Jan Christian Vestre (Ap) og arbeidsminister Kjersti Stenseng (Ap).

No er dei varsla tiltaka klare – vil gjere gradert sjukmelding til hovudregel

Regjeringa foreslår fleire nye tiltak for å få ned sjukefråværet. Det skal bli vanskelegare å få full sjukmelding, seier helseministeren.

Publisert

Fastlegar skal hjelpe pasientar med å finne ut korleis dei kan jobbe litt, heller enn å gi 100 prosent sjukmelding. Dersom fastlegen meiner at pasienten må vere heilt borte frå jobb, skal legen grunngi kvifor, skriv VG om dei varsla tiltaka.

– Dei som har behov for sjukmelding, skal sjølvsagt få sjukmelding. Men fleire enn i dag bør ha gradering, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap).

Før sommaren vil Vestre sende ut brev til alle fastlegar om at dei skal kort forklare i pasientjournalen dersom dei ikkje graderer, eit såkalla «Følg-eller-forklar-prinsipp». Dersom fastlegane ikkje lyttar, varslar Vestre lovendring.

– 40 prosent av sjukefråværet er graderte i dag. Ambisjonen er at nesten alt sjukefråvær skal vere gradert, skriv Helsedepartementet i ein SMS til NRK.

Helsedirektoratet skal også lage nye retningslinjer for bruk av sjukmelding slik at legar vurderer sjukmeldingar meir likt enn i dag, sidan det er store regionale forskjellar. Dei vanlegaste lidingane som muskel- og skjelettlidingar, og lettare psykiske lidingar, skal følgje ein standard.

President i Legeforeininga, Anne-Karin Rime undrar seg over at det først og fremst blir peika på fastlegane, og meiner det er dialogen mellom arbeidsgivar og arbeidstakar som må bli betre.

– Vi må skilje på kort – og langtidsfråvær, og setje inn tiltak for å få ned talet på langtidssjukmelde. Korttidsfråværet er stort sett problem som går over av seg sjølve, seier Rime til NRK.

Vestre og arbeidsminister Kjersti Stenseng (Ap) slo i april alarm om det høge sjukefråværet i Noreg, som var 6,57 prosent i fjor og det lågaste på tre år, sjølv om det framleis er høgare enn før pandemien. I 2026 er det sett av 64,8 milliardar kroner i statsbudsjettet til sjukepengar.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS