Hildur Marie Heimdal Holmvik sel Bakkane gard i Heimdalsgrenda i Treungen.

Nå sel ho slektsgarden. – Eg håpar han går til nokon som vil vise han kjærleik

I fleire generasjonar har slekta hennar budd på garden i Heimdalsgrenda. Sundag var det visning på eigedomen, og meklaren trur på eit kjapt sal.

Publisert

– Det er besteforeldra mine som har budd her, fortel Hildur Marie Heimdal Holmvik.

Det er nokre år sidan bestemora Helga Heimdal døydde. Bestefaren Gunnulf Heimdal gjekk bort i fjor, 97 år gammal. Dottera Signe Hege og barnebarnet Hildur har bestemt seg for å selje slektsgarden. Dei arver også eit småbruk på Fjone.

Eigedomsmeklar Vegard Aadne (t.v.) og Hildur Marie Heimdal Holmvik har dei siste dagane vist fram garden i Heimdalsgrenda.

-Sidan me begge er einebarn, blir det for mykje for oss å sitte med begge gardane, seier Hildur. 

Vil behalde småbruket på Fjone

Foreldra hennar bur på småbruket på Fjone nå, men på sikt ynskjer Hildur å flytte dit. 

– Det er mykje mindre, så det er meir handterleg for meg.

Planen er å bruke ein del av det dei nå får inn på salet av garden i Heimdal til å sette i stand småbruket på Fjone. 

– Eg har mange planar, røper ho.

Men det blir ikkje flytting med det aller første. 

I dag bur ho i Oslo saman med sambuaren sin, og er bonusmamma til tre barn.

– Me er litt fastlåste der ei stund til, sidan den yngste går i femte klasse, seier ho. 

Vemodig å selje

Hildur har vore mykje på garden til besteforeldra, og innrømmer at det er vemodig å selje. 

– Eg har så mange minne herfrå, seier ho, og fortel om store jordbæråkrar, høner og lamming i fjøset. 

Hildur Marie Heimdal Holmvik har mange minner frå garden til besteforeldra.

Jordbærdrifta heldt fram heilt til bestemora døydde.

– Etter det vart det slutt med både jordbær og dyr. Bestemor var pådrivaren. Ho var meir ute enn inne.

Eit halvt år har ho og mora bruka på å rydde på garden.

– Bestefar var ein skrotnisse. Han tok vare på alt, ler ho.

Noko er kasta, noko tek dei vare på sjølv, og mykje blir også ståande igjen på garden. 

– Her er mange skattar for dei som er glade i gamle ting, smiler ho, og viser fram dei gamle jordbærkassene. Slike var det mange av på garden.

Ho har tatt med seg nokon.

– Dei vil eg ha framme som pynt. Det er koselege minner. 

På garden var det i mange år jordbærproduksjon, og dei gamle jordbærkassene har dei tatt vare på.

Hildur fortel at ho kjende ekstra på det då ho kom til garden før visninga.

– Eg sov her i natt, og då eg hadde fått gjort klart her i går, sat eg ute og berre kikka. Då kom tårene.

No håpar ho garden får eigarar som ser verdien i staden.

– Eg håpar garden kjem til nokon som ser potensialet og brukar det. Og som tek vare på plassen. Det er ikkje mange plassar ein får så mykje ro i sjela som her, seier ho.

Stor interesse for eigedomen

Eigedomsmeklar Vegard Aadne i Landkreditt Eigedom fortel at det er ti som har vore på visning. 

Han trur det kan gå raskt før garden får nye eigarar.

– Det er vanskeleg å spå, men det ligg til rette for eit kjapt sal. Eg har god magekjensle på det.

Ifølgje meklaren har interessa for landbrukseigedomar endra seg dei siste åra. 

– Me ser fleire som flyttar frå byane, enten tilbake til heimstaden eller til heilt nye bygder dei ikkje har tilknyting til.

Han seier interessa kjem frå folk i ulike livsfasar. Både familiar med små born, men også par med vaksne born. 

– Då har dei ofte betre tid og også økonomi til å realisere draumen, seier han. 

På visninga sundag var det både lokale og folk utanfrå som ville sjå på garden. 

Frå verandaen i andre etasje er det god utiskt over Heimdalsgrenda.
Powered by Labrador CMS