Forklarar kvifor han gjev seg som dagleg leiar – og kva han skal gjera no
– Dette har vore ei avgjerd eg har kome fram til etter grundige refleksjonar rundt både selskapet sine behov og mi eiga rolle vidare.
Det seier Espen Martinsen til VTB. Fredag blei det kjent at han gjev seg som dagleg leiar i Telemark Bilruter. Nå forklarar han kvifor han og Telemark Bilruter skiller lag.
– For om lag ei veke sidan gav eg beskjed til styret at eg såg at mine dagar i Seljord og Telemark Bilruter no gjekk mot slutten. Dette har vore ei avgjerd eg har kome fram til etter grundige refleksjonar rundt både selskapet sine behov og mi eiga rolle vidare, seier Martinsen.
Han er tydeleg på at dette er ei heilt udramatisk avslutning og at det ikkje ligg føre noko usemje med styret.
– Tvert imot har samarbeidet vore godt og konstruktivt, seier han.
Då Martinsen kom inn i Telemark Bilruter i januar 2024, visste han at oppgåva var stor. Selskapet stod framfor krevjande utfordringar.
– Det har vore ein periode prega av svært hardt arbeid frå mange menneske. Samtidig kjenner eg stor stoltheit over det me faktisk har fått til saman. Eg har sagt det i alle møte eg har vore i: Dette er ikkje eit einmannsshow. Det har alltid vore selskapet først. No er Telemark Bilruter inne i ein fase der selskapet treng friske bein vidare i dette maratonet – nokon som kan ta stafettpinnen vidare og få selskapet heilt opp på pallen igjen, seier Martinsen.
Det viktigaste han sit att med etter desse åra, er alle menneska han har fått møte.
– Eg vil rette ei stor takk til eigarar, styret, dei tilsette og alle samarbeidspartnarar og vener eg har blitt kjend med undervegs. Eg har møtt ei eineståande gruppe hardtarbeidande menneska med enorm stå-på-vilje og lojalitet. Denne tida har vist meg kor mykje menneske kan vekse når dei blir høyrde og møtt med respekt, seier han.
Han har berre gode tankar om Telemark og Telemark Bilruter, og kjem til å følge med utviklinga vidare med stor interesse.
Nå skal han bruke litt tid på restitusjon etter ein intens periode.
– Det skal eg gjere saman med kona mi på ein skikkeleg segltur – ikkje ein liten helgetur, men ein lengre tur frå Larvik og heilt opp til Helgelandskysten. Så håpar eg at nokon har nytte av meg når eg kjem att, seier han med eit smil.
– Til slutt vil eg berre seie: Tusen takk for meg, Telemark. Eg håpar verkeleg me sjåast igjen.