Anne-May Selstø (frå venstre) Arne Moen Lid, Martin Listaul, Ståle Moen Lid, Anja Lid Nordby, Bjørn Inge Selstø, Anders Krog, Ola Nordstoga og Laila Veslestaul var alle i aksjon for Høydalsmo

Høysekkane hevda seg blant nær 6000 lag

Det bur ikkje så mange i Høydalsmo. Men bygda og idrettslaget er store nok til å hevda seg i Holmenkollstafetten.

Publisert

Høydalsmo IL markerte seg også denne gongen i verdas største løpsstafett. Anders Krog og lagkameratane vart berre slått av litt over 300 av dei nærare 6000 påmelde laga. Det er imponerande med tanke på at mange av laga framfor dei kjem frå store byklubbar med langt fleire løparar å velja mellom. Fleire av klubbane har også uttaksløp før dei tek ut laget.

– Me konkurrerer mest med oss sjølve. Det handlar først og fremst om å slå tida frå året før og samstundes ha det moro. Holmenkollstafetten er eit lågterskeltilbod for oss. Alle som vil vera med, får høve til det. Ingen blir haldne utanfor fordi dei trenar for lite eller ikkje presterer godt nok. Det synest eg er viktig å få fram, seier Arne Moen Lid til VTB.

Stor ressurs for Høydalsmo

Den eldste av Moen Lid-brørne hadde også denne gongen ansvaret då Høydalsmo IL stilte til start. Det har for lengst vorte ein tradisjon.

Arne Moen Lid er ein viktig ressurs for løpsmiljøet i klubben. Han er lite oppteken av å trekkja fram enkeltprestasjonar, men gjer eitt unntak.

– Martin Listaul frå Åmotsdal markerte seg på den lengste etappen. Han sprang etappen på ni minutt, og det er me godt nøgde med, seier Moen Lid etter at Høydalsmo kryssa målstreken på Bislett for femte gong.

Det blir truleg ikkje den siste. Fleire har alt meldt frå om at dei stiller igjen neste år.

Banketten er eit høgdepunkt

Det er også blitt tradisjon at Høydalsmo-gjengen samlast på byen etter stafetten. Banketten er eitt av høgdepunkta denne helga for laget som hadde Stine Helen Bakke på ankeretappen.

Praten går lett når høgsekkane møtest for å diskutera tider og opplevingar frå stafetten.

Powered by Labrador CMS