Spreke skuletilsette i Oslos gater. – Eit trivselstiltak utanom arbeidstid
Tilsette ved Åmot skule deltok igjen i Holmenkollstafetten. Denne gongen forbetra laget tida med 15 minutt, men det sosiale var framleis viktigast.
For to år sidan debuterte Åmot skule i Holmenkollstafetten. I år var dei spreke lærarane og andre skuletilsette tilbake i hovudstadsgatene.
– Me lodda interessa i vinter, og det var stemning for å delta igjen. Det melde seg raskt 14–15 personar som ville vera med. Dermed melde me på lag. Som vanleg kom det nokre forfall mot slutten, men det løyste me ved at eit par sprang fleire etappar, seier Morten Bråstøyl etter stafetten.
Gunnar Grønlid fekk æra av å opna stafetten for Åmot skule denne gongen. Høgsekken sørgde for ein god start i verdas største løpsstafett. Heidi Åmot frå Kviteseid fekk sjarmøretappen og vart heia fram då ho sprang inn maratonporten på Bislett.
Det sosiale er viktigast
– Det sosiale er det viktigaste med stafetten og turen. Det var me tydelege på både i år og sist. Samstundes er det gledeleg at me sprang 15 minutt raskare enn førre gong, sjølv om tida ikkje var noko mål i seg sjølv, seier Bråstøyl.
Han peikar på at laget konkurrerer mest med seg sjølv.
– Det fine med stafetten er at det er plass til alle nivå. Du har alltid nokon å bryna deg på, anten du spring fort eller tek det meir roleg. Det viktigaste for oss er meistringskjensla og at dette er eit trivselstiltak utanom arbeidstid. Det er positivt for arbeidsmiljøet at me kan møtast i ein slik samanheng, seier Bråstøyl.
Tradisjon
Vinje-delegasjonen budde spreidd i Oslo. Nokre budde privat, medan andre hadde sjekka inn på hotell. Laurdag kveld samla dei seg på byen.
Fleire har alt teke til orde for å gjera Holmenkollstafetten til ein tradisjon. Bråstøyl er ikkje framand for det, sjølv om mai er ein travel månad med konfirmasjonar og mykje anna som skjer.