«Vandring for forandring» er ei pilegrimsvandring på Haukelifjell.

Pilegrimsvandring for menn som har mista nokon i sjølvmord: – Me har ein vond fellesnemnar

Det er ei dårleg nyheit at det er rekordmange menn med på denne turen. Men det er veldig bra at dei er på tur.

Publisert Sist oppdatert

– Eitt år var det med ein mann som akkurat hadde mista nokon, og han sa; eg kjem ikkje til å sei så mykje, men eg går her etter dykk andre, for det gjev meg håp at de som har opplevd det same som meg, framleis er oppegåande og i stand til å vere her. 

Eilev Erikstein, prostidiakon i Vest-Telemark, sit på ein stein og fortel, midt oppå Haukelifjell. Han har ein stav ved sida av seg. Den liknar ein hyrdestav, og medan han snakkar med VTB, kikkar han av og til sidevegs for å sjå til «flokken» som sit litt lenger borte. 

Eilev Erikstein, prostidiakon i Vest-Telemark, arrangerer «Vandring for forandring.» I år er dei fleire menn med på pilegrimsvandring enn nokon gong tidlegare.

Vandring for forandring

– pilegrimsvandring for menn som har mista nokon nære i sjølvmord

– arrangert for første gong i 2012, då var også damer med. Frå 2017 har turen vore berre for menn

– fjelltur til fots mellom Haukeli og Røldal

– arrangør RVTS Sør – Regionalt ressurssenter om vald, traumatisk stress og selvmordsforebygging – tilbyr mat og overnatting på Haukeli

Det er sjuande gong Eilev er med og arrangerer pilegrimsvandring for menn som har mista nokon nære i sjølvmord, og i år er det rekordmange med. I den opne invitasjonen til RVTS Sør, står det; «Menneske har til alle tider lagt ut på vandring med sorger og bekymring. Mange etterlatne etter sjølvmord opplever hjelp ved å møte andre i same situasjon.» 

– Det skjer noko med oss når me går i naturen, seier Eilev.

Han snakkar om sol og regn og lækjedom i fellesskap.

– Ja, det hjelper å gå og snakke. Eg har ikkje vore flink til å snakke om det som skjedde. Eg snakka like mykje om det på dei to dagane eg var med her i fjor, som eg har gjort sidan det skjedde, seier Rune Ringhus (38). 

Han er ein av 16 pilegrimsvandrarar på årets tur. I 1997 mista han far sin i sjølvmord, i 2010 fann han ein kollega som hadde tatt sjølvmord. 

– Det å sitje inne i gruppe og snakke saman; det er ikkje mange av dei som er med her som synest det er greitt. Her er det litt av og på med prat, det er veldig enkelt og greitt.

Rune Ringhus er ein av 16 pilegrimsvandrarar som likar å gå og snakke.

– Ikkje så høgtideleg

Pilgrimsvandrarane kjem frå Sør- og Austlandet, og nokre av dei frå Vest-Telemark. Nå skal dei gå i fjellet i to dagar, før turen blir avslutta i Røldal. 

Turen er målet. Og vêret, ja, det kunne vel ikkje ha vore betre. Fjelltoppar badar i sol, og skyer speglar seg i krystallklart fjellvatn. Det er lite som minner om uvêret som herja dagen før. Litt som for deltakarane kanskje, som har vore i gjennom det verste, og gått vidare.

– Me startar på ein smal sti der ein ikkje kan gå fire i breidda og prate. Når me kjem til breiare veg, når vegen opnar seg og ein kan gå i breidda, ja, då løyser det seg også opp for mange, fortel Rune.

Han opplever at det å fokusere på å gå, det å vere litt til og frå i samtaler, er ein stor del av suksessoppskrifta.

– I eit grupperom (terapitime red. merk.) kjenner ein lett på stemning, di eiga stemning og andres. Her er du midt i naturen og kan plutseleg bli litt avbrote. Det er ikkje så høgtideleg når du ikkje har bestilt time. 

Eilev trur det å gå ut og inn av sorga, det å «touche» sorghistoria, er bra.

– Me går ikkje inn i livshistoria frå A til Å, me snakkar mest om saknet. Ein grev seg såleis ikkje heilt til botn, for her er det plutseleg; «sjå på den ørna», eller «følgjer den geita etter oss?».

Medarrangørar frå venstre: Ole Hafell, diakon i Tønsberg – Eilev Erikstein– og Øyvind Dåsvatn, rådgjevar på RVTS Sør.

– Sjekkar heller ein gong for mykje

– Me har ein vond fellesnemnar, og det er samlande. 

Robert Førland (34) er med på pilegrimsvandring for fyrste gong. Då han var 25 år, tok mor hans i Kristiansand ei overdose av piller saman med alkohol, etter å ha trua med å ta livet sitt i mange år. 

Treng du nokon å snakke med:

Treng du akutt hjelp: 113

Kirkens SOS: 22 40 00 40

Mental helse: 116 123

Mental helse chat: mentalhelse.no

eller  mentalhelseungdom.no

Du kan også ta kontakt med fastlegen din.

– Eg kalla ho mor, ikkje mamma. Eg mista omgrepet mamma mange år før eg mista ho, men det var jo eit sjokk likevel. 

Robert kjende på skam då kroppen hans responderte med lette etter dødsfallet.

– Eg blei kjemperedd, og søkte hjelp. Etter kvart skjøna eg at eg har levd med mykje tyngde på skuldrene. Eg klarte ikkje kople at mor var blitt ei stor belastning før ho blei borte. Det var skamfullt å kjenne på lette når belastninga plutseleg var borte.

Han tok små skritt av gongen, og klarte til slutt å kome seg ut av eit negativt tankespinn. 

– Nå ringer eg ofte og sjekkar inn hos nær familie, berre for å høyre at dei har det greitt. Eg spør ofte kompisar; korleis går det eigentleg? Eg sjekkar heller ein gong for mykje enn for lite. 

Han seier det er viktig å invitere til djupare prat, ikkje berre snakke om fotball og ting ein ser på TV. 

– Eg synest denne pilegrimsturen er eit flott opplegg. Det er jo ein rar «icebreaker,» men her møter eg forståing for det eg har opplevd.

Robert Førland spør ofte; korleis går det eigentleg?

 – Kva er vitsen?

Knut (60) går bortover ein smal fjellveg, høyrer roleg klukking frå ein bekk og eit lite steinras lenger opp i fjellet. Sola varmar medan han går. Knut mista dottera si i sjølvmord for fire år sidan. Ho blei berre 22 år gamal. Familien er opphavleg frå Oslo-området, men bur nå i Skien. 

– Livet har ikkje så mykje meir drit å kaste på deg etter å ha opplevd noko slikt, seier han.

Det var Knut som fann dottera, og han seier det var eit følgessjølvmord, fordi ein kamerat av dottera tok livet sitt ein månad tidlegare.

I november 2024 var Knut med i ei NRK-sak som handla om sjølvmord og etterlatne. Ei undersøking gjennomført av Samarbeidsdesken, med hjelp frå Landsforeningen for etterlatne ved sjølvmord (Leve), Lillebrors minne og Facebook-gruppa Selvmord for oss etterlatne, viste at etterlatne ved sjølvmord har tre gonger høgare risiko for å ta sitt eige liv, samanlikna med resten av befolkninga.

– Når me veit det, har me samtidig ein stor moglegheit til å hjelpe. Det er trist at ikkje oppfølginga er betre, seier Knut.

Han fortel om då han sjølv var på veg inn i mørket. 

– Det var jol, minne sprengte på, og eg stod plutseleg der og tenkte; kva er vitsen?

– Eg stod plutseleg der og tenkte; kva er vitsen? seier Knut Lie.

Han var alt i kontakt med krisepsykolog, og fekk difor raskt hjelp gjennom eit privat tiltak. Han er derimot skuffa over mangel på oppfølging i tida rett etter sjølvmordet. 

– Kommunar er pålagt å tilby psykosisal oppfølging til innbyggjarar, men det blir følgt opp ulikt frå kommune til kommune. 

Knut seier han sjølv måtte ringe til kriseteam den kvelden han fann dottera. Han blei så spurt om det var greitt å utsette møte til dagen etter. Etter at kriseteamet hadde vore der dagen etter, fekk ikkje familien meir oppfølging, fortel han. 

– Eg hadde heldigvis forsikring via jobb som gjorde at eg kunne oppsøke privat hjelp. Dottera mi var deprimert før ho tok livet sitt, og eg kjende til symptomene. Eg kjende at det blei mørkare, og vurderte om livet framleis var verd å leve.

Då Knut kjende at det blei mørkare, bad han om hjelp.

– Me har alle betalt prisen

– I gamle dagar køyrde ein tog og blei kjend med nokon ei lita stund, medan ein sat ved sida av kvarandre. Så sa ein ha det, og såg aldri vedkomande att. Det var eit magisk augneblikk der og då. Slik er det også med denne turen, seier Eilev.

Han fortel at kamerataugneblikk ikkje treng å bli til livsvarig venskap, og at det kanskje er nettopp det, at ein opplever eit augneblikk av samhald på denne turen, som ein ikkje treng å halde ved like seinare, som gjer den så verdifull for mange av deltakarane. 

– Viss du involverer veldig mange i sorga di, så kan det også bli ei belastning, seier Knut.

Han fortel at det kan vere vanskeleg å sleppe folk inn når ein har det vondt, fordi det også krev ein del. 

– Men det å ha nokon som ser til deg, som passar litt på, det er viktig. Det å berre vere til stades, by på ein kaffi er eigentleg nok. Det verste er jo om ein kryp ned i eit hol og berre synast synd på seg sjølv. 

– Det var eit magisk augneblikk der og då, seier Eilev om kameratskap på pilegrimsvandring.

Knut er glad for å vere med på pilegrimsvandring for andre gong i år. 

– Terskelen for å snakke ligg veldig lågt her. Me slit alle med dei same utfordringane i forskjellig grad. Ein kjem tett på folk som alle kjenner på same smerte. Me er med i ein klubb med høg inngangsbillett, me har alle betalt prisen.

Og før me vinkar ha det til Knut og dei andre «gutta» på veg mot Røldal, seier han;

– Det er jo ein vanvittig form for terapi å gå her i dag. Det å kunne stoppe opp, og kjenne på sollys og lukt av lyng og geit. Ei slik naturoppleving får deg til å verdsette livet. Ein ser lysare på alt når naturen viser seg som den gjer nå. Ein blir rett og slett glad.

Pilegrimsvandring
Pilegrimsvandring
Pilegrimsvandring
Pilegrimsvandring
Pilegrimsvandring
Pilegrimsvandring
Pilegrimsvandring
Powered by Labrador CMS