Dette betyr revidert budsjett for lommeboka
Regjeringa legg ikkje opp til store sprell i det reviderte nasjonalbudsjettet. Men noregspris består, og det ligg an til at lønna aukar meir enn prisane.
I det reviderte budsjettet anslår regjeringa at prisane vil auke med 3,5 prosent i år. Det er høgare enn dei trudde i fjor.
Men med ei ramme i lønnsoppgjeret på 4,4 prosent i frontfaget betyr det at folk framleis kan vente seg at lønna stig meir enn prisane.
– Aktiviteten i norsk økonomi er venta å halde seg oppe både i år og neste år som følgje av vedhaldande låg arbeidsløyse, sysselsetjingsvekst og god reallønnsvekst, skriv regjeringa.
Drivstoff og straum
I det oppdaterte budsjettet bruker regjeringa mykje pengar på å behalde noregspris på straum. Usedvanleg høge straumprisar i vinter har gjort ordninga dyrare enn venta for regjeringa i år.
Løyvingane til noregspris og straumstøtte blir dobla frå i overkant av ti milliardar kroner til 21,5 milliardar kroner. Det betyr ei solid innsparing for mange.
– Eit gjennomsnittleg hushald i Sør-Noreg som vel noregspris, kan få støtte på om lag 10.000–11.000 kroner i 2026 samanlikna med spotpris, seier statsminister Jonas Gahr Støre til VG.
Vidare gjennomfører regjeringa kutta i drivstoffavgiftene som dei borgarlege partia og Senterpartiet saman vedtok i Stortinget før påske. Det betyr billigare bensin og diesel fram til september.
– Prisveksten skal ned
Regjeringas skriv i budsjettet at høge energiprisar vil trekkje inn kjøpekraft frå norske hushald. Men at effekten av dette blir redusert av noregspris og kutta i drivstoffavgiftene. – Dei samla effektane av auka energiprisar på aktiviteten i norsk økonomi er venta å bli nokså små. Allereie før krigsutbrotet i Midtausten var inflasjonen noko høgare enn venta, mellom anna som følgje av høg kostnadsvekst. Prisveksten i år blir truleg klart høgare enn lagt til grunn i fjor haust, skriv regjeringa i budsjettet.
Statsminister Jonas Gahr Støre har sagt at eit overordna mål i budsjettet også er å få ned prisveksten.
– Vi gjer det vi kan for at prisstiginga held fram med å gå ned, sa han til NTB førre veke.
(©NPK)