Jon snubla på stien og var ein meter unna stupet. Nå kjem han med ei oppmoding til andre turgåarar
Ei lita bjørk redda truleg livet til Jon Ingebretsen då han fall utanfor stien ved Veiågjuvet. Berre om lag ein meter unna venta eit stup på nær hundre meter.
Jon Ingebretsen frå Vrådal har runda 85 år, men trivst framleis godt med turskoa på føtene. Tidlegare i august sette han seg i bilen, køyrde vestover og kryssa fylkesgrensa til Agder. Fyrst gjekk han ein tur lenger aust på Skafsåheii, og på heimvegen stansa han for å sjå på juvet og fossen ved Veiågjuvet. Ein kjapp liten tur i eit flott og dramatisk landskap der han vore fleire gonger før, kunne blitt fatalt for vrådølen.
– Det er det mest dramatiske eg har vore med på, av alle turar eg har hatt.
Frå bilvegen og inn til fossen er det ikkje langt, kanskje 500 meter, trur Jon. Det er ein kjent stad og stien er fin, men Jon er ikkje merksam nok og snublar, truleg i ein stein. Han mistar balansen og ramlar utfor stien og glir ned på ei lita berghylle.
– Der stod det ei lita bjørk, og det redda truleg livet mitt, for eg stansa i den.
Då var han ein meter frå kanten av stupet – som gjekk kanskje hundre meter rett ned i ei steinrøys.
– Det var ein frykteleg følelse å ligge der, fortel Jon.
Redda av fire menn og eit tau
Nede på den vesle fjellhylla prøvde Jon å kome seg opp att på stien. Men det var ikkje så lett. Litt lyng var det einaste som var å ta tak i. Likevel prøvde han å kome seg opp igjen fleire gonger, men det tæra på kreftene og i frykt for å miste fotfeste å gli nedover igjen, gav han til slutt opp.
Heldigvis hadde Jon telefonen i lomma og det var god dekning der han var.
– Eg måtte ringe 113. Det var ein nedtur for meg, men eg såg ingen andre i området og var redd det kunne ta lang tid før det kom nokon som kunne hjelpe.
Dei som sat på 113 ville fyrst sende helikopter, men då dei ringte opp att til Jon fekk han beskjed om at det ville ta 45 minuttar for eit helikopter å kome fram til han. Jon meinte sjølv at det ikkje var behov for eit helikopter, og heller ikkje så lett å kome til. Helikopteroppdraget vart avlyst og i staden kom det fire menn frå brann og redning i Rysstad. Dei kom kjapt fram til Jon som var godt synleg frå stien der han sat nede på den vesle berghylla.
– Er det deg då Jon, sa han eine. Det viste seg at eg hadde vore læraren hans for mange år sidan, fortel Jon og humrar.
Mennene sendte ned eit tau som han fekk festa rundt kroppen og hjelpte han å kome seg trygt opp på stien igjen. Det endte godt, og skadefri, letta og takksam, kunne Jon gå saman med redningsmannskapen tilbake til bilen.
Men kor gale det kunne gått har han ikkje gløymt. Opplevinga vart ein påminnar for den erfarne friluftsmannen.
– Det er utruleg viktig å seie frå kvar ein reiser på tur, og sjølvsagt ha mobilen på seg. Tenk om eg hadde lagt den att i bilen, eg skulle jo berre ein kjapp tur bort til fossen …
Meld alltid frå kvar du går
Jon har vore mykje på tur heile livet. Han har skrive bøker om naturen og friluftslivet han verdset så høgt, som lokalpolitikar representerte han fyrst Venstre og seinare Miljøpartiet Dei Grøne. Alltid har naturen og friluftslivet vore viktig for Jon.
Fallet ved Veiågjuvet er det mest dramatiske han har opplevd på tur, og det er fyrste gongen han har måtte ringt 113. Opplevinga vart ein påminnar for den erfarne turgåaren, og han rådar også andre til å alltid ha mobil eller anna sambandsutstyr med på turen.
For Jon enda turen, takka vere litt hjelp, godt – og han fekk også sjå fossen i Veiågjuvet til slutt, som jo var målet.
Då Jon kom bort igjen til bilen kjente han seg fin i kroppen og veldig letta. Han hadde heldigvis ikkje skada seg i fallet. Etter at redningsmannskapen reiste gjekk han derfor tilbake til fossen. Han gjekk svært forsiktig på stien denne gongen. Han måtte tilbake for å sjå staden ein gong til.
– Det gjekk eit grøss gjennom meg då eg såg kor nære stupet eg faktisk hadde vore, fortel han.
Det vart vanskeleg å sove den natta – hendinga surra og surra rundt i hovudet. Men ei vekes tid etterpå kjenner ikkje Jon seg skremd frå å gå på fleire turar.
– Men eg kjem til å skjerpe meg meir og blir endå meir forsiktig enn før.