Her blir Dagfinn overraska av dottera
Med låta «Glad i deg» slår Marie Tveiten eit slag for dei som ikkje snakkar om kjensler – slike som pappa Dagfinn.
«Glad i deg!».
«Det er bra».
Marie Tveiten ler av kommunikasjonen mellom seg sjølv og faren. Ho er fasinert av at han ikkje klarer å seie dei tre orda ho sjølv har lett for å uttrykke.
Låta «Glad i deg» er skriven til faren, den sindige og staute røyrleggaren frå Seljord som nå bur i Fyresdal.
– Eg er veldig, veldig glad i pappa. Han er unik, og eit godt eksempel på at kjærleiken ikkje treng å bli sagt med ord. Eg har alltid tenkt at alle må snakke om kjensler. Men ein treng ikkje det!
For Dagfinn viser kjærleiken til dottera gjennom å vera der.
– Han fiksar det som må bli fiksa. Han hadde henta meg kvar som helst i heile verda. Han tek alltid telefonen når eg ringer. Og passar på at alt er trygt og sikkert. Det er så mykje kjærleik, sjølv om det ikkje kjem gjennom ord eller klemmar, seier Marie.
– Som når eg er heime, så står han tidleg opp for å fyre i eldhuset når eg skal jobbe. Han har så mykje omsorg, og seier at han er glad i meg på denne måten, held ho fram.
Lura på verkstaden
Nå har altså pappa Dagfinn fått sin eigen song av dottera. Den blei urframført på verkstaden til Morgedal Rør i Seljord. Som dekkhistorie fortalde Marie at ho ynskte ein kul bakgrunn til innspelinga av song og video. Dagfinn let dei rigge seg til. Snart kom sanninga for ein dag. Pappa måtte innsjå at han var lura. Han stilte seg opp for å høyre dottera framføre kjærleikserklæringa i verkstaden der han til vanleg føler seg så trygg. Då var han utanfor komfortsonen.
– Det blei ikkje tårevått, ler ho.
– Men det hadde eg absolutt ikkje sett for meg. Det blei som forventa. Det verka som han syntest det var litt stas, sjølv om det fyrste han sa etterpå var at han berre fekk med seg tre ord. Det er dei tre orda du treng; glad i deg, svara eg.
– Og det går jo ikkje an å ikkje bli glad for å få ei låt!
Etter songen i verkstaden blei dei sitjande å bla i gamle album, og såg mellom anna bildet som er coveret til songen – av Marie og Dagfinn i ein Alf Johansen-lastebil. Då blei Dagfinn meir komfortabel. Og endå meir komfortabel var han då Marie etterpå utfordra han i quiz om røyrleggardelar og -verktøy.
Vanleg vesttele
Tidlegare plaga det Marie litt at faren ikkje kunne seie «glad i deg» tilbake når ho sa det. Ikkje nå lenger. Tvert om. Nå slår ho eit slag for dei som ikkje uttrykker kjenslene med språket, men gjennom å gjera det på andre måtar.
– Eg trur det er eit tema fleire kjenner seg att i, seier Marie til VTB.
– Trur du dette er meir vanleg blant menn i Vest-Telemark enn andre stader?
– Definitivt. Eller, det er nok eit bygdefenomen der menn over 50 er overrepresentert, svarar Marie med eit smil.
Dagfinn Tveiten seier til VTB at han blei tatt litt på senga over dottera si låt.
– Ja, den var visst til meg, men eg fekk ikkje heilt med meg teksten, seier pappa Tveiten.
– Eg blei overraska, men veit ikkje kvifor eg fekk ein song. Det er ikkje noko anledning nå, held han fram.
Fredag blir låta tilgjengeleg for alle – så då kan pappa Tveiten setje seg ned å høyre på teksten i ro og mak.