Ho måtte pugge fem gonger meir enn dei andre elevane.
Kveld etter kveld sat ho med leksene saman med mamma Kristin.
Det var kaos i topploket.
Då Marie fekk diagnosen fall brikkene på plass
Det har alltid vore litt kaos i topplokket til Marie Tveiten (33). På den nyaste låta er ho ærleg om livet med ADHD.
– Då eg gjekk på skulen i Seljord var det liksom berre dei ville gutane som hang i lysekrona som hadde ADHD. Det var aldri jenter. Nå forstår eg at diagnosen gjeld fleire enn dei ein ser.
Marie Tveiten (33) har bestemt seg for å vera open. For eitt år sidan blei det konstatert at ho har ADHD. Og det har ho levd med sidan ho var liten – utan å vete det.
– Det er litt kaotisk i topploket og veldig mykje indre uro. Når eg legg meg ned klarer eg ikkje å kvile, forklarar Marie
– Dessutan er eg ekstremt distré og gløymer ting. Ein studieven lo og sa det gav meining då eg fortalde om diagnosen, held ho fram.
«Eg leitar etter nyklan gong på gong. Har aldri vottar meir enn ein sesong», syng Marie i den nye låta «Ingen kjenner meg som deg» som kjem fredag 17. januar.
Ho kom seg gjennom dei ti åra på skulen i Seljord utan at diagnosen blei fanga opp. Det trur ho heng saman med at ho var så innstilt på å gjera det bra. Kveld etter kveld sat ho med leksene saman med mamma Kristin.
– På papiret ser det bra ut, men eg måtte nok pugge fem gonger så mykje som dei andre elevane, seier Marie i dag.
Breitt kjensleregister
Mange kjenner Marie som ei blid jente. Det er ho også. Men det er ikkje heile bildet.
– Det er få som ser meg heime. Eg har eit breitt kjensleregister, seier ho.
Ein som kjenner henne godt er kjærasten. Saman med han kan ho vera seg sjølv. Den nye låta er ein hyllest til alle som let ein vera som ein er – heilt utan atterhald.
– Det handlar om å bli sett og tatt på alvor som eit menneske med svingingar, tempo og kontrastar – og om kjærleiken som ikkje prøvar å forandre deg, seier ho om den nye låta.
«Og når eg er svak, så er du der som venn. Og når eg tek av, så held du meg igjen», syng Marie i songen.
Marie er ærleg på at ho har hatt angst. Det har gjort at ho har oppsøkt profesjonell hjelp. Då ho var hos psykolog for ti år sidan blei det også vurdert å greie ut om Marie hadde ADHD.
– Eg var rysta og fornærma at dei kunne tru eg hadde ADHD, så eg pynta på alle svara som skulle avgjera om eg var kvalifisert for ei utgreiing. Eg slapp, men innser jo nå at eg berre lura meg sjølv.
Når ho igjen oppsøkte hjelp, stritta ho ikkje lenger mot å få ein diagnose. Nå skjønnar ho kvifor ho byrjar på 10 tusen prosjekt, men fullfører få, og at ho dykkar heilt ned i ting.
– Akkurat nå har eg lyst til å knyte teppe, men kjærasten meiner eg har nok hobbyar, seier Marie og ler.
Snillare med seg sjølv
Sjølv om diagnosen kan ha nokon positive effektar, som auka kreativitet, er det svært slitsamt å leve med, og noko ho definitivt hadde vald bort om ho hadde kunna. Fordelen nå er at Marie har fått eit verktøy i kvardagen til å leve med ADHD. Ho har også lært seg å bli snillare med seg sjølv.
– Eg veit kva eg treng for å fungere, og tenker det også hjelper at andre veit.
I fjor skreiv ho platekontrakt med Sony Music og Drabant. Songen «Heilt tilfeldig» blei sleppt i juni og er på radio. Sidan har det blitt fleire songar. Og fredag kjem den som plateselskapet verkeleg satsar på; «Ingen kjenner meg som deg».
Marie har sommarfuglar i magen.
– Det har eg alltid før eg slepper ei ny låt, men litt ekstra nå når eg er veldig personleg, seier ho.
Og det kjem meir. Før sommaren skal eit heilt album vera klart.