Rønnaug Flatin, leiar i Kviteseid fotballgruppe.

Gratis «fotball for alle»

I helga er det fotballskule i Kviteseid. Leiar i Kviteseid fotballgruppe, Rønnaug Flatin, har fått med seg eksterne instruktørar og lokale sponsorar. Deltakarane betalar ingenting.

Publisert

Laurdag og sundag arrangerer Kviteseid idrettslag gratis fotballskule på kunstgrasbanen i Kviteseid.

Laurdag var det den ideelle organisasjonen «Fotball for alle» som arrangerte kurset «Spille som Spania» for gutar og jenter fødde 2011–2015. Arrangementet er sponsa av Vrådal Booking og Straand Hotell.

– Me ønskjer å arrangere fotballskule for å hindre fråfall i ungdomstida. Ei ekstra gulrot, rett og slett, seier leiar i Kviteseid fotballgruppe, Rønnaug Flatin.

Ho fortel at idrettslaget valde å ikkje vere med på å arrangere Liverpool-fotballskulen.

– Me ønskjer ikkje å vere med på å arrangere noko som kostar så mykje. «Fotball for alle» har erfaring med å arrangere fleire fotballskular i Grenland, og her kan alle vere med, seier ho.

«Spille som Spania»-kurs laurdag.

Fin inngang

Tomas Evanger er kursansvarleg for «Fotball for alle» og fortel at dei opplever eit stort trykk i Grenland.

– Det er jo gratis og for alle, og appellerer til dei som elles ikkje kunne vore med.

Han seier dei gjev tilbod til alle breiddeklubbar.

– Me har gjeve informasjon til alle klubbar i Vest-Telemark òg, men det er få som nyttar seg av det.

Men Flatin er klokkeklar på at dette er eit tilbod dei er glade for å ha fått til Kviteseid:

– I ei tid med aukande forskjellar i samfunnet er det viktig med slike gratis arrangement som styrkjer samhald og tilhøyrsle, og det er samstundes ein fin inngang til den komande haustsesongen.

– Kvifor «Spille som Spania»-kurs?

– Dei er regjerande verds- og europameistrar, og desidert lengst framme i å utvikle unge spelarar. Me kopierer øvingar dei brukar her i dag. Men i «Fotball for alle» har me òg andre tema og kurs, seier Evanger.

Tomas Evanger er kursansvarleg for «Fotball for alle».
Oddvar Kilane frå Drangedal (t.v.) og Simen Hamsdokka frå Skien var med som intstruktørar laurdag.

Jentefotballens dag

Sundag er det «Jentefotballens dag». «Jentefotballens dag» i klubb er ein del av det treårige prosjektet «Jenter i skuddet», som skal bidra til vekst og utvikling av kvinnelege spelarar, trenarar, dommarar og leiarar i fotballen. Prosjektet er støtta av Sørfondet, ei stifting frå Sparebanken Sør.

Eksterne instruktørar skal gje fagleg påfyll, inspirasjon og meistringskjensle. Blant dei innleigde instruktørane er Linn Marie Stølan Herfoss og Jan Bergesen. Med på laget er òg Sondre Straand, Trude Elisabeth Nordbø og andre lokale trenarar.

Lokale sponsorar er Dalen Mekaniske, Tømrar Erik Landsverk, Stensrud Bygg, Haugo Entreprenør, KLA Sport, Intersport og Pizzabakaren i Seljord.

Det er framleis mogleg å melde seg på arrangementet sundag. Alle jenter i Kviteseid, fødde 2011–2020, kan bli med gratis. Arrangøren serverer òg mat.

– Hjarteleg velkomen, smiler Flatin.

Powered by Labrador CMS