Frå venstre, Erle Sandok Helle (7), Tale Sandok Helle (8) og Eira Kaasa Barstad (8)- på disco.

Familiedag på Gauken: – Kjempemoro!

Laurdag var det blant anna barnedisco på Gaukenfestivalen i Vinje.

Publisert Sist oppdatert
På Gaukenfestival laurdag treffer VTB Muniir Abdigani-ali (7). Han gler seg veldig til barnedisco i kjellaren på Vinjehuset. – Det blir kjempemoro, seier han, og viser oss nokre flotte danse-moves.
Tante Ingebjørg K. Vesaas har tatt turen frå Stavern til Vinje, og skal bli med Muniir på disco. – Eg er glad i bass, seier Muniir til tante.
Anders Sandvik ryddar veg ned til vatnet. Laurdag har han ansvar for båtaktivitetar og fiske på festivalen.
I festivalbadstoga sit frå venstre Vemund Brune Hareide, Martine Strømme og Anne Guro Homme.
Birgith Hommo har flott utsikt og godt selskap.
Etter kvart tar badstoge-folket turen ned til vatnet, via den nye vegen som Anders har laga.
Monica Santos Herberg og Torjus Førre Erfjord fiksar eit skilt som er tatt av vinden i Vinje laurdag. – Det er magikaren Olav Rui som har laga alle dei flotte skilta her, fortel dei.
Eit band øver på scena laurdag. Festivalfolket ladar nok opp til ein ny kveld med konsertar.
Og endeleg startar discoen som Muniir har venta på. Tante Ingebjørg blir med i dansen, og lærer Muniir «Macarena».
Muniir er i kjempeform og leiar an på dansegolvet. – Eg er jo ganske god, seier han – og me er heilt einige.
Powered by Labrador CMS