– Nå treng ikkje folk reise til Svalbard for å oppleve dette
Ein todagars snøskutersafari frå Rauland til Møsstrond, med overnatting på turisthytta. Det er det nye tilbodet som nå blir mogleg etter at Vinje kommune har endra reglane for snøskuterkøyring.
Vinje kommunestyre har vedteke endringar i forskrifta for snøskuterløypene i kommunen. Målet er mellom anna å binde saman løypenettet og gjere det enklare å kome seg mellom ulike område.
For Tor Eivind Øygarden i Rauland Adventure opnar dette nye moglegheiter.
– Nå kan me bruke heile løypenettet og kome oss heilt opp til Hovdeøyi, fortel han.
Treng ikkje snøskuterlappen
Rauland Adventure blei starta av Åsulv Hylland og Tor Eivind Øygarden i 2022. Selskapet tilbyr guida turar i snøskuterløypene i Vinje.
Med dei nye forskriftene har dei nye planar for vinteren.
– Me prøvar å få til ein snøskutersafari som går over to dagar, der me køyrer frå Rauland til Møsstrond turisthytte. Då får du to fulle safaridagar og ei overnatting på Møsstrond turisthytte, seier Øygarden.
Han håpar dette kan bli eit attraktivt tilbod for venegjengar, kollegaer og bedrifter som ynskjer ei oppleving utanom det vanlege.
Deltakarane treng verken snøskuterlappen eller tidlegare erfaring, fortel initiativtakaren.
– Dei får låne snøskuter og nødvendig tryggleiksutstyr, og får opplæring før og undervegs på turen, seier Øygarden.
– Eg håpar folk skjønar kor stort dette er
På Møsstrond turisthytte er Eline Benneche Gulsrud glad for at Vinje kommune og grunneigarane har vore positive til nye retningsliner.
Ho meiner det nye tilbodet kan få fleire turistar til å ta turen til Møsstrond og skape meir aktivitet på turisthytta.
– Eg håpar folk skjønar kor stort dette eigentleg er. Nå treng ikkje folk reise til Svalbard for å oppleve dette, seier ho.