God stemning og latter ved butikkens opningsdag på Felle

Nyopna butikk på Felle

Felle har igjen fått ein butikk. Den nye sjølvbetente butikken, styrt av Daniela Skåli, opna dørene til latter og godt humør.

Publisert

Det var ei munter forsamling som hadde møtt opp til opninga. Ordførar Ian Parry-Jones holdt ein humoristisk tale, og stemninga var prega av glede over at bygda har fått tilbake ein møteplass.

– Det er veldig gøy. Det er det me har jobba mot heile tida. Så det er ein gledas dag og ein milepæl som er nådd, seier butikksjef Daniela Skåli.

Ope når folk treng det

Daniela Skåli

Butikken er sjølvbetjent. Ifølge Skåli var det nettopp dei lengre opningstidene som gjorde valet enkelt.

– Handlemønsteret har jo endra seg. Då butikken var betent, var han open midt på dagen. Slik er det ikkje lenger, seier ho.

Kundane låser seg inn med sitt eige bankkort i ein kortlesar på utsida. Døra opnar seg automatisk, og lyset slår seg på. Varene vert slått inn på ein sjølvbetent kasse.

Skåli får varsel på mobilen når nokon går inn i butikken. Treng ein kunde hjelp, kan vedkomande trykkje på ein knapp, og ho kan hjelpe til med fjernstyring. Det er både kamera og høgtalar inne og ute.

Butikken er utstyrt med mange kamera, slik at Skåli heile tida har oversikt over kva som skjer. Samstundes er varetilbodet godt, med eit breitt utval som gjer at folk på Felle kan få det dei treng utan å måtte køyre langt.

Hjelp til dei eldre

ikkje alle er like vane med teknologi. Difor har Skåli brukt tid på å lære folk å bruke kassane, og ho er i butikken på dagtid. Ei av dei som var med på opninga er 85 år gammal.

– Det er ikkje så vanskeleg som det høyrest ut. Kan du bruke kortet ditt i ein bankautomat, kan du dette òg. Me skal alltid passe på dei eldre, seier ho.

Varer med aldersgrense vert låste opp med fingeravtrykk som er lasta opp på førehand. Opnar nokon andre kjøleskåpet, får Skåli beskjed med ein gong og kan fylgje med via kamera. 

– Er eg i tvil, kan eg nekte, seier ho.

Ho er ikkje uroleg for tjuveri.

– Eg stolar på systemet, og eg stolar på folk. Folk har stole i butikkar så lenge det har vore butikkar, men ein slik butikk som denne er veldig overvaka.

 Noko bygda kan vere stolt av

Ian Parry-Jones, ordførar i Nissedal

Nissedalordførar Ian Parry-Jones meinar at butikken er viktig for at folk skal kunne bu på Felle. 

– Han gjer at ein kan halde oppe busetjinga, for det er ein møteplass. Særleg me eldre møtest jo når me er i butikken. Skåli har gjort det så fint her. Det blir ein samlingsstad for bygda, og noko bygda kan vere stolt av, seier han.

Felle har tidlegare mista skulen, men ifølgje ordføraren går det no rett veg. Det kjem tilflyttarar, mange born tek skulebussen om morgonen, og det går bra med barnehagen.

– Nokon sa til meg at Felle eigentleg er den mest sentrale staden me har i kommunen. Det er like langt til Gjerstad, Drangedal og Treungen, seier Parry-Jones.

Han trur sjølvbetening er rett for små stader. Kundane får fleksibiliteten dei er vane med frå byen, og dei som driv butikken slepp å stå der heile tida.

– Då eg budde i byen og gløymde noko, kunne eg berre dra på butikken. Det kunne eg ikkje då eg flytta til Nissedal, seier han.

Rådet hans til bygdefolket er enkelt:

– Bruk butikken. Og saknar de noko, så sei frå til Daniela, i staden for berre å tenkje at «det har dei ikkje.»

Slepp å køyre to mil

For Sondre Felle Mathisen, som bur på Felle, betyr butikken kortare veg til daglegvarene.

Sondre Felle Mathisen, lokal i Felle

– Det er veldig bra. Det har vore kjedeleg utan, seier han.

Tidlegare handla han i Treungen, der han jobbar, eller i Gjerstad. Det er litt over to mil til Gjerstad og rundt tre mil til Treungen.

At butikken er sjølvbetent, går fint.

– Eg kjem til å savne litt betening, men det er eigentleg veldig greitt, seier han.

Det første han kjøpte var Solo, men for Mathisen handlar butikken om meir enn varene i hyllene.

– Det blir meir liv i bygda. Dette er ikkje berre ein vanleg matbutikk. Det er ein samlingsstad, ein sosial stad.

Og det er nettopp det butikken er laga for å vere. Inne i lokalet er det sett av plass til ein triveleg krok med sofa, bord og stolar, der folk kan setje seg ned, ta ein prat og vere sosiale. Butikken er dermed ikkje berre ein stad ein handlar, men ein stad ein kan vere.

Her kan Felle-folk slå seg ned og ta ein prat.
Powered by Labrador CMS