Podkast frå VTB
Snart kjem det ein heilt ny podkast frå Vest-Telemark blad.
I mai 2026 blei VTB med i prosjektgruppa «Morgondagens lokalavis 2030». VTB ønskjer gjennom dette prosjektet å teste ut nye lågterskeltilbod for nye målgrupper, blant anna gjennom bruk av podkast.
I sommar booka me vesttelar til ein heilt ny podkast: VTB-snakk.
VTB-snakk er ein vekentleg podkast der me inviterer inn vesttelar til å snakke om aktuelle lokale saker frå VTB. Av og til kan det også vere naturleg å ta opp nasjonale saker.
Prosjektet varar i fyrste omgang fram til midten av desember. I denne perioden kjem det ein ny episode av VTB-snakk på Spotify kvar veke. Det er ein programleiar og to gjester med i kvar episode.
Neste veke får du møte dei fyrste gjestene i podkasten.
Programleiarar for VTB-snakk er Åshild Emma Solbjør, Ingrid Byggland og Kristin Tangen Tolo. Dei gler seg til å snakke med gjestene som kjem om noko av det som rører seg i Vest-Telemark akkurat nå.