Børre Østensen og kongeørna som vart blodforgifta.
Børre Østensen og kongeørna som vart blodforgifta.

Kongeørna døydde av blyforgifting

I vinter vart ei kongeørn funnen forkommen i Støylsdalen. Få dagar etter døydde fuglen. Blodprøvene viste at ørna var blyforgifta.

Publisert

– Me må gjere det me kan for å bevare rovfuglane våre. 

Det seier Børre Østensen. Han er fugleentusiast, naturfotograf og jeger. Heile livet har han vore interessert i fugl. Vinteren 2012 tok fugleinterressa til Børre eit nytt steg. Vinteren var snørik og det var ein del katteugler som sleit for å overleve. 

– Kattugla reiser ingen stad, men held reviret året rundt. Det var ein tøff vinter, og dei vart magre og utsulta, fortel Østensen. 

Ørna sat på brøytekanten og klarte ikkje å fly då den vart funnen.

Derfor byrja han å hjelpe kattuglene. Han fora dei opp, og hjelpte mange gjennom vinteren. Sidan har han halde på med dette.

På seinvinteren  fekk Østensen ein telefon frå SNO (Statens naturoppsyn). I Støylsdalen i Tokke var det funne ei kongeørn. Ørna var ikkje synleg skadd, men forkommen og i dårleg forfatning. Den sat på brøytekanten og klarte ikkje å fly då den vart funnen. SNO tok kontakt med Østensen som har tatt imot sjuke og skadde fuglar i ei årrekke.  

NRK har tidlegare skrive om kongeørna i Støylsdalen.

– Dei fleste fuglane eg finn eller får er skadde på grunn av noko me menneska har gjort, så eg føler me skuldar dei å hjelpe dei, fortel Børre. 

Børre Østensen er ein ivrig naturfotograf. Her har han fanga eit blinkskot av ei anna ørn.
Børre Østensen er ein ivrig naturfotograf. Her har han fanga eit blinkskot av ei anna ørn.

Store mengder bly

Østensen, som bur i Skien, har sett fleire fuglar med same symptom som kongeørna frå Tokke hadde. Ingen synlege skader, men forkommen, klarte ikkje å fly, kunne ikkje ta ut klørne og ørna var grøn av avføring bak.

Kva er bly?

Bly er eit grunnstoff og eit metall som er lett å forme. Bly er giftig og me har derfor redusert bruken av bly så mykje som mogleg. 

Bly er et giftig tungmetall som ikkje blir bryte ned i naturen, men hopar seg opp i næringskjeden.

I 2023 gjeld i praksis eit forbod mot bruk av blyhagl på småviljakt. Med småviltjakt reknar ein for eksempel hare, rev, skogsfugl og rype. Alle dyr med kroppsstorleik mindre enn rådyr blir rekna som småvilt.

Kjelde: Store norske leksikon

Børre var i kontakt med veterinærklinikken AniCura Skien og Rising Dyreklinikk. SNO og Børre mistenkte blyforgifting, og bad derfor om at det vart tatt blodprøver og starta behandling umiddelbart. Kongeørna vart tvangsfora med flytande kol og kjøt, kol bind nemleg bly. Dei merkar at fuglen kjem seg litt. 

– Den peip litt, men kroppen funkar ikkje og den klarer ikkje å orientere seg. Blyforgifting har symptom som ein ekstrem rus, fortel Børre. 

Morgonen etter var ørna piggare og Børre reiste på jobb. Utpå dagen kom svara på blodprøvene som viste at ørna var blyforgifta og hadde fått i seg veldige mengder med bly. Børre skunda seg heim frå arbeid, men då var kongeørna alt daud. 

Mange kjelder til bly

Østensen meiner det er fleire årsakar til at ville dyr og fuglar får i seg bly. 

– Blyet kan ørna ha fått i seg frå mange stader, men det kjem jo frå kuler og krutt. Det er viktig at me alle saman tenker oss om, meiner Østensen.

Bly som både kongeørn og andre fuglar og dyr kan få i seg kan kome frå fleire stadar. Østensen er opptatt av at alle blir meir bevisste dette. Bly kan stamme frå ammunisjon som blir brukt i jakt, men kan også kome frå naturfotografar som lokkar til seg mellom anna rovfugl ved å legge ut kjøt. Østensen, som sjølv har drive med både jakt og naturfotografering, meiner det er viktig at kjøt med restar av bly ikkje blir liggande igjen ute i naturen. 

Han meiner alle burde bli meir bevisste på konsekvensane ved å bruke bly i ammunisjon, og at det i dag finst gode alternativ.

– Me har alt kutta ut bly i måling og i bensin. Kanskje det er på tide å kutte det ut av ammunisjonen også? Slik kan me slutte å spreie dette rundt i naturen vår. Eg synest det høyrest ut som ein god idé. 

Det er det fleire som gjer. 

Tidlegare i oktober skreiv birdlife.no at Europaparlamentet har stemt for nye restriksjonar som skal forby blyhagl i heile EU. Birdlife Norge, som er ein frivillig naturvernorganisasjon med hovudvekt på fuglar og fuglevern, ber nå norske myndigheiter om å følge opp vedtaket og gå vidare med arbeidet for å fase ut all blyhaldig jaktammunisjon, også blykuler. 

Ifølge organisasjonen blir så mykje som 44 000 tonn bly spreidd i miljøet i EU kvart år gjennom jakt, sportsskyting og fiske. Slik forureinar blyet jord og vassdrag og utsett fuglar og andre dyr for forgifting. 

Positive til alternativ

Det er lov å bruke blyhaldig ammunisjon på storviltjakt.  Men Østensen meiner det finst gode alternativ. Til NRK seier fagrådgjevar Vidar Nilsen i Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF) at dei er positive til blyfrie alternativ og at dei oppmodar jegerar til å bruke desse. 

Bjørn Erik Lauritzen er regionsektretær i NJFF Telemark. Han fortel at det i praksis er eit blyforbod når det gjeld jakt med hagle, og at det her finst fleire gode alternativ.  

– Når det gjeld rifle blir det jamt over bruka blyhaldig ammunisjon, men det finst gode alternativ også her, seier han. 

Rovfuglar og andre dyr kan få i seg bly ved at dei et på restar av vilt som har blitt skote under jakt. 

– Det har vore vanleg å vomme ut dyret ute når dei fell storvilt, og det kan hende me har noko å gå på her. Men eg kjenner ikkje godt nok til detaljane i dette, seier Lauritzen.  

Kongeørn

Kongeørna er Noregs nest største rovfugl, etter havørna. Kongeørna blir 80–93 centimeter lang og har eit vengespenn på 190–225 centimeter. Hannen er minst og veg mellom 3000 og 4475 gram, medan hoa veg frå 4075 til 5280 gram.

Kongeørna finst i store delar av Europa, Asia og Nord-Amerika. I Noreg føregår hekkinga frå heiområda i Agder og heilt nord til Aust-Finnmark. Bestanden av kongeørn i Noreg minka i mange år, men har stabilisert seg etter at arten vart totalfreda i 1968. I 2002 vart bestanden estimert til mellom 850 og 1200 hekkande par. I 2013 var estimatet på mellom 1224 og 1545 par, medan det i 2015 låg på mellom 1207 og 1537 par. 

Bestanden av kongeørn i Sverige er på same nivå som i Noreg, men har vore synkande. Hogst, faunakriminalitet og miljøgifter, mellom anna frå blyhagl, er moglege årsaker til nedgangen. Utbygging i leveområda, inkludert bygging av hytter, blir òg rekna som ein trussel mot bestanden.

Kjelde: Store norske leksikon

Powered by Labrador CMS