Meiningar

Helgemesse, folkesorg og håpet som ber

Publisert

No stig vår song, vår takk til Gud
for denne gode verd,
for havets salt, for regn og sol
og himlens stjernehær.
Me takkar deg for storm og frost,
og snø som fell så stilt mot jord.
Me takkar for den mørke natt,
og vårens tid, for alt som gror.

Denne salmen vart skriven til Kong Harald (1937-2026) sin sytti årsdag av Edvard Hoem, og innleidde gravferda til Kong Harald i Oslo domkyrkje.

Ei enkel og sterk lovsong om livet, naturen, årstidene og takksemda, som ein finn i vår salmebok som nummer 854.

I ei tid då eit heilt folk var samla i sorg, vart nett desse orda ståande som ei påminning om noko mektig: Sorg og takksemd høyrer saman.

Denne helga feirar me Helgemesse. Dagen har lange røter i kyrkja si historie. I katolsk tradisjon er det festen for alle helgenar. Samstundes er det i vår lutherske tradisjon blitt ein dag for å minnast dei døde. Mange går til kyrkjegarden, tenner lys og stansar ved namn som har fått ein særskild plass i hjarta.

Helgenar er ikkje berre menneske med glorie rundt hovudet. Dei er menneske som med livet sitt har peika utover seg sjølve. Menneske som har mest noko av Gud gjennom måten dei levde på. I Den norske kyrkja kårar me ikkje helgenar, men me kan likevel få auge på helgenliknande trekk hos menneske som har prega fellesskapet vårt. Som kong Harald. Det handlar om eit menneske som gjennom fleire generasjonar vart ein del av livet til folk. Me møtte han gjennom store nasjonale hendingar, men også gjennom dei små augneblikka. Gjennom varme ord, nærvær og ei evne til å sjå menneske.

Her i Vest-Telemark Blad kunne me lese historia om Marthe, som 13-åring fekk møte kongen gjennom «Alternativ til vald». Ho vaks opp i ein heim prega av alkohol og vald. Då kongen sa til henne at det som hadde skjedd ikkje var hennar skuld, byrja ho å tru på det. «Når kongen seier det, stemmer det», sa ho.

Historia seier noko om krafta som ligg i å bli sett. Av og til skal det ikkje meir til enn eit menneske som møter deg med respekt og truverd. Ord kan forandre liv når dei kjem frå ein som verkeleg meiner det.

Sorga etter kongen har også mint oss om noko anna. Nemleg at sorg ikkje er eit teikn på svakheit.

Me lever i ei tid der mykje handlar om å prestere, meistre og halde fasaden. Men når døden rører ved eit menneske eller eit folk, fell ofte maskene. Då kjem tårene. Då kjem saknet. Då kjem minna.

Sosionom og førstelektor Knut Andersen ved VID i Oslo har formulert det slik:

«Gråten er eit teikn på at noko framleis verkar. Den er kroppen sin måte å bearbeidde på, eit uttrykk for tilknyting og tap.»

Det er ein fin tanke. For tårene kjem ikkje fordi me er svake. Dei kjem fordi me har elska. Dei kjem fordi nokon betydde noko for oss.

Kvar sorg er unik. Ein sørgjer ikkje berre over den som er død. Ein sørgjer over alle samtalane som aldri kjem, over framtida ein hadde sett føre seg, over alt som vart annleis. Difor finst det heller ingen snarvegar gjennom sorga.

Den norske kyrkja har utarbeidd enkle råd for korleis me kan møte menneske i sorg. Ta kontakt. Ta initiativ. Bryt stilla. Mes nærvær. Ver tolmodig. Hugs årsdagar. Hald fram med å minnast.

Det høyrest nesten for enkelt ut. Men kanskje er det nettopp det som er poenget. Sorga treng ikkje først og fremst forklaringar. Ho treng menneske.

Noko av det vakraste under dagane etter kongens død var å sjå korleis folk samlast. Det vart lagt ned blomar og tent lys. Menneske stoppa opp, snakka saman og delte minne. Mange sørgde kanskje ikkje berre over kongen. Kanskje sørgde dei også over eigne foreldre, ektefellar, born eller vener. Folkesorga opna eit rom der den personlege sorga og fekk plass.

Kanskje har desse dagane også vore ein påminning om noko me lett gløymer: At menneske treng fellesskap. Me er ikkje skapte for å bere alt åleine.

Mor mi fortalde om då kronprinsesse Märtha døydde i 1954. Ho stod blant menneskemengda i Oslo og såg den unge Harald følgje båra til mora. – Han såg så uendelege trist og aleine ut sa, mamma.

Mange år seinare såg me ein vaksen konge sitje med tårer i augo medan ei ung Ingebjørg Bratland song «Den fyrste song eg høyra fekk». Eit heilt folk såg det same som han såg: minner, kjærleik og tap.

Eg hugsar også godt då Kong Olav døydde i januar 1991. Irak-krigen starta og  landet stod stille. Sidan kom Kong Harald inn i rolla si med eit nærvær som gjorde inntrykk. I møte med menneske som hadde mist alt etter stormar og katastrofar møtte han fram, ikkje som ein fjern monark, men som eit medmenneske.

Det som kanskje særleg har gjort inntrykk dei siste åra, er korleis han heldt fram trass i alderdom og helseutfordringar. Me såg krykkene. Me såg at stega vart kortare. Men me såg også eit menneske som ikkje gav opp.

For meg er dette eit sterkt diakonalt bilete.

Diakoni handlar om nestekjærleik i praksis. Om å dele menneskelivets . Om å stå oppreist når ein kan, og ta imot hjelp når ein treng det. Truverd kjem når ord og handling høyrer saman.

Difor sit eg att med eit bilete av sårbar styrke. Ein styrke som ikkje handlar om å vere feilfri eller usårbar, men om å halde fram. Om å møte livet slik det er.

Helgemesse handlar i botnen om nettopp dette. Om å minnast dei som har gått føre. Om å takke for spora dei sette etter seg. Om å sjå at menneskeliv kan vere som lys som framleis skin, lenge etter at dagane deira er over.

Samstundes peikar dagen framover. For den kristne trua stoppar ikkje ved gravstøtta.

Jon Fosse, frå granngarden til kongen, Grotten ,  skriv i «Nattsalme»:

Det finst frå Gud i alt som er,
i jord og nattevrimmel,
di sjel er hans, du er hans verd,
du lyser fram hans himmel.

Desse orda rommar noko av vona Helgemesse ber på. Døden får ikkje siste ordet. Sorga er verkeleg, saknet er verkeleg, men trua fortel at det også finst ei større forteljing. Ei forteljing om håp, oppstode og liv.

Difor endar Helgemesse ikkje i mørkeret. Ho endar i forventning.

Som i den siste strofa av salmen som tonefesta sorga over konga:

No stig vår song, vår takk til Gud
for Han, som er vår fred.
Når Kristus sprenger dødens rom,
fell siste stengsel ned.
Da stig vår song, vår takk til Gud
for spor på strand, for bølgjers slag:
Kom natt, kom søvn, kom morgongry,
kom, evig sommars lyse dag

Mellom sorg og takksemd, mellom minne og håp, står me denne helga.

Me tenner lys for dei me saknar. Me takkar for det dei gav oss. Og me held fast ved den gamle vona: at kjærleiken er sterkare enn døden, og at livet har eit mål på den andre sida av natta.

Til Helgemesse har Den norske kyrkje gjeve oss desse råda:

Førstehjelp ved sorg

Sorg er tung å bere åleine. Den norske kyrkja ønskjer med desse råda å gjere det lettare å vere til stades for menneske i sorg. All sorg er unik, og det finst ingen fasit. Det viktigaste er å vise omsorg, nærvær og tolmod.

Ta ansvar for kontakten
Ikkje legg ansvaret på den sørgjande. Ta sjølv initiativ til å ringje eller sende melding, og hald fram med å ta kontakt også om du ikkje får svar med ein gong.

Ta initiativ
Inviter til enkle aktivitetar som ein kaffikopp, ein tur eller ein film. Mange treng ei pause frå sorga og eit glimt av kvardag.

Bryt stilla
Ver ikkje redd for å ta kontakt sjølv om du ikkje veit kva du skal seie. Det er ofte viktigare at du viser omtanke enn at du finn dei rette orda.

Vis nærvær
Ikkje vent på at «det verste skal gå over». Ver tydeleg til stades slik at den sørgjande ikkje kjenner seg gløymd eller utanfor.

Gi rom for sorga
La den sørgjande sine kjensler få plass. Unngå å fylle samtalen med eigne erfaringar og minne når den andre treng å bli høyrd.

Ver tolmodig
Sorg tek ulik tid for ulike menneske. Ikkje press nokon til å «kome vidare», men vis forståing og lyttande nærvær.

Gløym ikkje sorga
Hald kontakten også månader etter dødsfallet. For mange blir sorga tyngre når omverda går vidare og sluttar å spørje.

Hugs årsdagar og merkedagar
Dødsdagar, fødselsdagar og andre minnedagar kan vere særleg krevjande. Vis at du hugsar og deler sorga.

Hald fram med å minnast
Snakk om den som er død, del forteljingar og sjå på bilete saman. Det kan vere ei viktig hjelp i sorgarbeidet.

Hjelp i kvardagen
Praktisk hjelp som handling, matlaging, husarbeid eller barnepass kan vere ein sterk måte å vise omsorg på.

Besøk ein minnestad
Gå saman til stader som har hatt betydning for den avdøde. Minne og ritual kan gi rom for både sorg og fellesskap.  Sorga blir lettare å bere når ho blir delt med andre, og når menneske vågar å vere til stades over tid.

Powered by Labrador CMS