Derfor skriv VTB om sjølvmord

Dei siste 15 åra har 27 vesttelar tatt sitt eige liv. Det er nesten to liv i året.

Om me ser på heile landet har i snitt 655 personar tatt sjølvmord kvart år dei siste fem åra. I 2023 var talet 693. Me må tilbake til 80-talet for å finne eit høgare tal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til samanlikning mista 118 personar livet i trafikken i løpet av 2023.

For dei under 30 år er sjølvmord ein av dei vanlegaste dødsårsakene.

Tilbake etter kvar person som avsluttar livet står familie og venner, slekt og kollegaer, naboar og klassekameratar. Ein flokk som alltid vil ha eit tomrom ingen kan fylle.

I pressa har det ikkje vore tradisjon for å omtale sjølvmord. Det har også spegla samfunnet – sjølvmord har vore tabu å snakke om, knytt til både skam og stigma, og noko det er vondt og vanskeleg å snakke om.

Men dette er, og har i fleire år, vore i endring.

I alt arbeid pressa gjer skal me følgje dei etiske normene i Ver varsam-plakaten. I den aller fyrste utgåva av denne frå 1936 vart media oppmoda til å ikkje omtale sjølvmord. I 2006 vart ordlyden endra til at ein skal vere varsam med omtale av sjølvmord. Ein skal også unngå omtale som ikkje er naudsynt for å oppfylle allmenne informasjonskrav.

I 2024 vart punktet om sjølvmord på nytt endra til:

«Ved omtale av sjølvmord og forsøk på sjølvmord er det god presseskikk å legge vekt på ei nøktern framstilling. Vis omsyn til dei som er direkte råka. Ver varsam ved omtale på eit tidleg tidspunkt. Det krevst høg aktsemd ved skildring av metode og den spesifikke staden for handlinga.»

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølvmord må snakkast om. Og media har ei særleg viktig rolle i å setje søkelys på problem i samfunnet, på det som ikkje fungerer, og også fortelje dei vanskelege historiene om liva til heilt vanlege folk – til deg og meg.

For nokre år sidan skreiv VTB fleire saker om ruskøyring og dei mest tragiske følgjene av det i artikkelserien «Me har ingen å miste». Nå rettar me, saman med NRK og lokalaviser i heile landet, fokus mot sjølvmord – kvifor skjer det, kva gjer kommunane, helseapparatet og kva kan me alle gjere som medmenneske for å førebygge sjølvmord?

Sjølvmord er ikkje noko som berre råkar den einskilde, familien, vennegjengen – sjølvmord er eit samfunnsproblem og råkar oss alle.

Me meiner det er viktig å vera opne om dette store samfunnsproblemet. VTB er svært takksame for dei som fortel sine historier gjennom lokalavisa – som opnar døra inn til det vonde rommet og set ord på det det knapt finst ord for.

Takk for at de deler.

Les også
Familien visste at Tor ikkje hadde det bra. Då han tok livet sitt var det likevel eit stort sjokk
Les også
Dei siste 15 åra har Vest-Telemark mista 27 personar i sjølvmord
Treng du nokon å snakke med:

Treng du akutt hjelp: 113

Kirkens SOS: 22 40 00 40

Mental helse: 116 123

Mental helse har også ein chat: mentalhelse.no

Chatteneste for ungdom: mentalhelseungdom.no

Du kan også ta kontakt med fastlegen din.

Slik har VTB jobba med denne saka:

Fakta og talgrunnlag i desse sakene er utarbeida av Samarbeidsdesken, eit journalistisk fellesprosjekt mellom Landslaget for lokalaviser (LLA), Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) og NRK.

Tala gjeld dei siste 15 åra, frå 2009-2023. VTB ser Vest-Telemark under eitt og har ikkje brote tala ned på kommunenivå.