Ektepar: Tarjei Johre gifta seg i sommar med Mari Båtnes, som òg er ein ivrig løpar. Ho gjorde det bra i Jotunheimen Skyrace.
Privat
Tarjei (30) bryt barrierar og sikter mot storbymaraton og Ironman
Etter at interessa for lange løp tok fart for alvor for to år sidan, har Tarjei Johre brote fleire barrierar og vist imponerande form på ulike arenaer denne hausten. No drøymer han om å delta i eit storbymaraton utanfor Norden neste år.
30-åringen frå Dalen har ikkje lagt konkrete planar for 2025 enno, men det er mange arrangement som freistar, både løp og triatlon.
– I år prøvde eg triatlon for første gong, og den olympiske distansen under Oslo Triatlon gav verkeleg meirsmak. Det langsiktige målet er å fullføre ein Ironman, seier Tarjei.
Ein Ironman er 3800 meter symjing, 180 kilometer sykling og ein maraton på 42,2 kilometer.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP