VTB-redaktøren fekk heidersprisen
– Det er veldig stort
Etter seks år som styreleiar for Landslaget for lokalaviser (LLA) fekk VTB-redaktør Øystein Øygarden litt meir takk for innsatsen enn han venta.
I helga har lokalaviser frå heile landet vore på LLA si årvisse samling med årsmøte, fagleg påfyll og prisutdelingar. I år fyller LLA 50 år, noko som gjorde årets samling på Voss ekstra feststemt.
Og på VTB sitt bord blei det i alle fall feststemning når heidersprisen skulle delast ut.
«Det var ein noko forsiktig ungdom frå Vest-Telemark som kom inn i styret i LLA. I dag er Øystein Øygarden ikkje ungdom eller forsiktig lenger. I heile seks år har han sete som leiar i LLA og vore ei samlande og stødig kraft i organisasjonen. Øystein er ryddig, han er klok og han har med sitt lune vesen gjort ein uvurderleg jobb for lokalavisene gjennom LLA,» sa påtroppande styreleiar i LLA Lillian Holden.
– Det er veldig stort. Eg var særs lite førebudd på det, men desto meir moro var det då eg innsåg at det var meg teksten som blei lesen opp handla om, seier Øygarden.
– Eg er glad for at eg gjennom ti år i LLA-styret har fått vere med og jobbe for alle lokalavisene. Ei hjartesak for meg har vore å jobbe for god distribusjon av papiravisene, seier prisvinnaren.
– Dei er også i 2026 viktig for økonomien i avisene og finansierer digitaliseringa.