BulletProof har god grunn til å feire.

BulletProof er vidare til landsfestivalen

Måndag kunne gutane i bandet «BulletProof» frå Treungen feire at dei går vidare til landsfestivalen i UKM. Dei feira med å øve meir med lærar Rune Sanden.

Publisert

– Me er kjempefornøgde, og gler oss til Trondheim!

Det seier medlemmane i «BulletProof» frå Treungen. Måndag blei det klart at bandet tok seg vidare frå UKM-festivalen i Bø til landsfestivalen i Trondheim.

Treungen-bandet består av Leon Vee Tveit (15), Gustav Fjalestad Grundt (15), Yehor Yefymenko (14), Bendik Gautefald (15) og Peter Stokstad Nielsen (14).

– Nå skal me feire med å øve meir saman med Rune (red.merk. lærar Sanden), seier dei til VTB når me spør korleis dei tenker å feire.

Peter på gitar, Bendik på bass, Gustav på keyboard, Leon på trommer og Yehor på gitar og vokal hausta stor applaus for den kule låta deira «One day» på fylkesfestivalen. BulletProof er dei einaste artistane frå Vest-Telemark, som stod på scena i Bø førre helg, som går vidare til landsfestivalen.

Ekstra stas

– Eg er veldig stolt av ungdommane!

Det seier Rune Sanden, lærar og kulturskulerektor i Nissedal. 

– Dette var noko dei hadde lyst til og drøymde om å få til. Dei fekk moglegheita i fjor og, men då hadde dei allereie lagt planar med jobb og fritid. Dei ville prøve att i år, og jammen så klarte dei det. Det er veldig moro!

Band-lærar Rune Sanden.

Rektor er sjølv lærar for bandet som øver fast saman kvar måndag. Han fortel at gutane tidleg bestemte seg for å lage ei eiga låt til UKM. VTB lurer på om læraren har tatt del i låtskrivinga?

– Eg har kanskje kome med nokre forslag til riff og liknande, men tekstmessig har eg ikkje gjort noko. Teksten blei jo spesiell og aktuell, med ein vokalist frå Ukraina, seier han.

Han legg til at det ikkje er ofte i Nissedal si historie, at UKM-ungdom har kome vidare til landsmønstringa.

– Det er få som har fått moglegheita, og eg lurer på om sist gong var frå mi eiga klasse, og det var jo ikkje i går, he, he, så det er litt ekstra stas nå.

Den nasjonale festivalen i UKM går av stabelen 20. til 24. juni i Trondheim. I tillegg til BulletProof frå Treungen har desse deltakarane fått moglegheit til å bli med vidare frå fylkesmønstringa:

Utstilling: Elisabeth Christensen - «Lengsel» (tegning i blyant) og Liv Mondal Ljostad - «Venom» (tegning med tusj og blyant). Begge er frå Vinje.

Media: Emma Bråstøyl - fleirkameraproduksjon, frå Vinje.

Powered by Labrador CMS