Vilde Berg-Nilsen, Telemark SV
1. Nemn tre grunnar til at vesttelane skal stemme på deg og ditt parti?
SV kjempar for rettferdig fordeling og sterke velferdstenester, uansett postnummer. Vi vil sikre at Telemark får sin del av investeringane i samferdsel, helse og utdanning. Eg vil vere ei tydeleg stemme for distrikta på Stortinget, og for dei stemmene som sjeldan blir lytta til.
2. Vil du gjere noko for å sikre rimelegare straum for folk og næringsliv i Telemark?
Ja. SV vil ta vanleg forbruk av børsen og opprette Statstrøm, eit statleg selskap som tilbyr langsiktige fastprisar. Då slepp folk og næringsliv spekulering og store prissvingingar. Vi vil og satse på energieffektivisering og betre støtteordningar for dei som slit med høge straumprisar.
3. Meiner du det bør leggast til rette for meir kraftproduksjon i Vest-Telemark?
Vest-Telemark bidreg allereie med enorm kraftproduksjon, og vi vil ikkje dytte nye prosjekt på bygdene. Kystnære område med stor industri og folketal må ta større ansvar. Dersom det kjem ønske lokalt om nye prosjekt, må dei ha tydeleg samfunnsnytte, lokale ringverknader og ta vare på naturen. For SV er det uaktuelt å opne verna vassdrag for ny kraftproduksjon.
4. Etterslepet på fylkesvegane har passert 100 mrd. Kva meiner du bør bli gjort?
Vi seier nei til nye motorvegar og vil prioritere oppgradering av fylkesvegane. Trygge vegar er avgjerande for beredskap, næringsliv og kvardagsliv i distrikta.
5. Korleis vil du løyse mangelen på helsepersonell i distrikta?
Vi må utdanne fleire, sikre betre løn og arbeidsvilkår, og satse på bustader og fagmiljø i distrikta. Private tilbod som tappar den offentlege helsetenesta for folk, må avviklast. Vi vil styrke kommunane slik at dei kan tilby trygge, faste stillingar.
6. Kva vil du gjera for at kommunane skal klare å handtere eldrebølga?
Styrke kommuneøkonomien, sikre fleire hender i eldreomsorga og satse på førebygging og møteplassar mot einsemd. Sjukeheimsplassar og omsorgsbustader må byggast ut etter kommunane sine behov, og pårørande må få betre støtte.
7. Korleis vil du få fleire unge til å flytte til distrikta?
Vi må sikre arbeidsplassar, bustader som unge har råd til, og ein desentralisert skulestruktur. I tillegg må vi satse på kultur, kollektivtilbod og breiband. Distrikta må vere levande og attraktive for unge å leve og skape i.
8. Om du kunne gjennomført éi sak utan motstand – kva ville det ha vore?
Gratis tannhelse for alle. Tennene er ein del av kroppen – ingen skal måtte velje mellom mat og tannlege.