Vil vekke liv i femmer’n, mølle og byggepott
Dei har trua på at dei kan vekke liv i ein analog møteplass og tidlegare populær aktivitet. Nå blir det bingo på kulturhuset att, etter fleire års pause. – Alt blir som i gamle dagar, tro kopi, smiler Anny Grave.
Praten går lett og ivrig kring bordet inne på Sundvang kulturhus i Kviteseid. Etter nokre års pause har driftige eldsjeler tatt tak og vil prøve å gje liv i den analoge bingoen att. Fleire av medlemmene spelar radiobingo som er eit tilbod på måndag og onsdag, men det er noko ekstra triveleg med å vera saman i lokalet, drikke kaffi og slå av ein prat – og kjenne på spenninga av kven som blir den fyrste som ropar «femmaren» eller «bingo».
– Den siste bingoen me hadde her på kulturhuset var etter koronaen, me måtte avgrense kor mange som sat saman på borda, halde avstand og alle som jobba gjekk med munnbind. Alle var vel redde for å bli smitta, og det blei vel meir utlegg enn inntekter, minnest Anny Grave.
Færre møtte opp, og tilbodet blei avslutta. Men så fekk dei lyst til å prøve på nytt. Og på lageret har dei både bingobongar, Tjueett- og Møllespel til oppstarten fyrstkomande torsdag.
– Me er så spente på om det vil kome folk, me håpar jo det, seier dugnadsgjengen.
Frivillige
På kjøkkenet skal det bli steikt vaflar, varma pølser og koka kaffi som gjestene kan kose seg med i pausen. På bingokveldane må ein også ha folk til å selje bongar, kontrollere desse og til å lese opp tala. Grave seier dei gjerne tek imot fleire frivillige.
Det er kulturhuset Sundvang, i samarbeid med Fram Kviteseid og Frivilligsentralen, som arrangerer bingoen kvar torsdag.
I ulike lokale
Etter eit kjapt søk i det historiske arkivet til VTB, der ein kan søke på alt frå den fyrste avisa kom ut i 1973 og fram til i dag, finn me 5722 treff på søkeordet «bingo» . Og det er i tida frå 1981 til 1999 dei fleste treffa er å finne – både i artiklar og annonsar. Bingoen var ein samlande og populær aktivitet.
Hege Jønholt fortel at bingoen mellom anna i Kviteseid gjekk på rundgang i ulike lokale og blei arrangert av forskjellige lag i oppstarten. Både idrettslag, hornmusikken og ungdomslaget heldt bingokveldar.
Dugnadsgjengen fortel at då bingoen var på det mest populære kom spelarar frå nesten alle nabokommunane til Kviteseid, og mange kviteseidingar vitja nok også bingokveldane i Treungen, Høydalsmo eller Vinje. Mange hadde faste bord, og dei kom gjerne ein time før spelet tok til, slik at det blei rikeleg tid for å rø med kjentfolk.
Grave minnest at bingoen var svært populær kring 2005.
– På den tida trur eg me kunne sitte att med eit overskot på 10 000 kroner på ein kveld, fortel dugnadsgjengen.