Val 2025 er i gang:– Veldig stas at så mange var innom den første dagen
8. september er det Stortings- og sametingsval. Førehandsrøystinga opna måndag. I Seljord og Åmot har overraskande mange alt vore innom kommunehusa for å røyste.
– Det var god flyt i heile går.
Det seier Marianne Eikland, konsulent og val-ansvarleg på kommunehuset i Seljord, tysdag.
Måndag opna førehandsrøystinga til Stortings- og sametingsvalet 2025. Eikland fortel at det kom folk innom støtt og stadig.
– Det stod nokon og venta på oss då me opna. Dei fleste seier at det er greitt å få det unnagjort.
Folk i alle aldrar
Måndag 8. september er valdagen. Skal du førehandsrøyste må du gjere det mellom 11. august og 5. september. Ein kan røyste i den kommunen ein sjølv ønskjer, så lenge ein har med seg legitimasjon.
– Eg bur sjølv i Kviteseid, men har røysta her i Seljord, fortel Eikland.
Ho tør ikkje talfeste kor mange som var innom kommunehuset måndag, men trur det kan ha vore mellom 20 og 30.
– Det var folk i alle aldrar.
Mange er ivrige
– Det var overraskande og veldig stas at så mange var innom den første dagen.
Det seier Vivi F. Smidesang, som er val-ansvarleg i Vinje kommune.
– Det er kjempekoseleg at så mange er ivrige på å førehandsrøyste. Det var eit jamt tilsig heile dagen her i Åmot.
Godt over 20 var innom måndag, og dei første kom alt klokka åtte.
– Eg har snakka med folk på kommunehuset som har vore med på val her tidlegare, og dei seier at til å vere den første dagen var det eit veldig godt oppmøte, fortel Smidesang.
Ho trur mange nyttar høvet til å stemme når dei først er i sentrum for å handle.
– Me oppmodar folk til å engasjere seg og bruke stemmeretten. Me sit klare heile dagen nå, og det er gledeleg å oppleve at så mange førehandsrøyster.
Ved sist stortingsval kom heile 58 prosent av røystene før valdagen, og andelen har stort sett auka ved kvart val.