Frå Mississippi musikkfestival (biletet) til Vest-Telemark; Anne Fagermo og Jan Birger Akerhaugen.

Unik turné i Vest-Telemark: – Blir intimt og koseleg

Anne Fagermo og Jan Birger Akerhaugen besøker 17 kommunar på 17 dagar. Éin stad i Vest-Telemark speler dei ein historisk konsert.

Publisert

Frå 18. februar til 6. mars skal artisten Anne Fagermo på ein heilt unik turné i Telemark. 17 konsertar på 17 dagar – éin i kvar kommune i Telemark.

Med seg på gitar og song har ho halvt vesttele Jan Birger Akerhaugen. Og alle som tar turen til konserten deira på Åsgrend grendehus får ei ekstra unik oppleving på kjøpet.

– Det blir den første konserten her så vidt eg veit. Me gler oss veldig, seier styremedlem i grendelaget i Åsgrend, Janne Heggtveit.

Heime i Åsgrend

– Eg hadde min debut som predikant-songar på Åsgrend skule då eg var fire år. Men det blir inga reprise på tungetale når eg og Anne skal spele der måndag 23. februar, seier Akerhaugen med eit smil.

Far hans kjem frå garden Heggtveit, og Akerhaugen besøker bestemor i Åsgrend når han kan.

– Eg har gått mykje på ski ved Heivatn og Langesjå og var med og hesja på garden til besteforeldra mine kvar sommar, heilt til eg blei tenåring og ikkje gadd meir. Når eg treng fred og ro legg eg meg i kronesenga i stova til bestemor. Det kjennest absolutt som heime, seier han.

Tett på folk

Anne Fagermo frå Akkerhaugen slapp debutalbumet sitt i fjor haust. Ho syng på norsk, og tekstane handlar om oppgjer og livets ulike fasar. 

– Me presenterer låtar frå plata, men i ei litt anna innpakning, fortel Akerhaugen. 

Konsertane blir på små, intime stader, tett på folk der dei bur. Nokon av konsertane framførast som duo/trio, medan andre blir med fullt band. 

Vesttelane kan oppleve konserten i Vinjar (Vinje), Storstøga (Tokke), Seljordshei grendehus (Seljord), Åsgrend skule (Kviteseid), Kulturhuset (Fyresdal) eller på Frivilligsentralen i Nissedal.

Anne Fagermo spelar i alle kommunar i Telemark i løpet av 17 dagar.

Positive arrangørar

Anne blei nasjonalt kjend for mange gjennom deltaking i The Voice og MGP, og har turnert med Akerhaugen sidan 2023.

– Ho blir omtala av mange som Telemarks nye countryrock-stemme, seier han, og legg til at dei gler seg til ein travel turné.

17 konsertar på 17 dagar altså?

– Ja, det er ein gamal idé som alle eg har spela med har sagt nei til. Anne sa ja. Det blir spennande, og me er veldig takknemlege for at me berre har møtt på positive arrangørar i alle kommunar. 

Kjem familien på den historiske konserten i Åsgrend?

– Eg veit at den næraste familien kjem, og så håper eg at resten av slekta også tar turen, seier han, og legg til at han håpar det kjem folk frå heile kommunen til konserten. 

Janne Heggtveit i styret i Åsgrend grendelag.

Det er plass til rundt 60 menneske på Åsgrend grendehus, fortel Heggtveit.

– Det blir intimt og koseleg. Og du skal ikkje sjå bort ifrå at det blir fleire konsertar her etter kvart, seier ho.

Powered by Labrador CMS