Sara Smith, Ane Viktoria Strøm Linde, Simon Devos og Abdi Lognvik Vartdal.

– Ungdommane har vore klare i fleire månadar

Torsdag opna det nye gamingrommet på ungdomshuset Mjølkerampa.

Publisert Sist oppdatert

Det sit ein gjeng med gutar og ventar i ein sofa. Rett framfor dei er det ei dør med ei snor i midten som skal klippast. Gutane ser forventningsfulle ut. Dei veit at på den andre sida av døra er det eit nyoppussa rom med mykje flott gamingutstyr.

– Ungdommane har vore klare i fleire månadar, seier Simon Devos, ein av aktivitetsleiarane på Mjølkerampa ungdomshus i Seljord.

Her sit ungdommane og ventar på opning av gamingrommet.
Sparebankstiftelsen har sponsa det nye gamingrommet med 200.000 kroner.
Aktivitetsleiar Abdi gjer klart i det nye gamingrommet.

Torsdag opna det nye gamingrommet på Mjølkerampa med snorklipping og jubel. 

Snorklipping.

– Ungdommane har vist stor interesse for prosjektet. Dei har vore med på å velje utstyr, måle veggar, sette opp benkar og pc-ar, fortel aktivitetsleiar Abdi Lognvik Vartdal.

Han har hatt særskilt ansvar for utviklinga av det nye rommet. Han fortel at ungdommane har sett seg på ei liste til ei trekning av kven som skal få æra av å opne rommet. Me trur me skimtar stjerner i augo til dei heldige vinnarane som set seg ned ved skjermane først.

Førstemann.
Andremann.

Sparebankstiftelsen har sponsa prosjektet med 200 000 kroner. Abdi fortel at det har resultert i fire gaming-pc-ar og mykje anna bra utstyr. 

Aktivitetsleiarane har jobba med prosjektet i om lag eit år. Torsdag var det kake og snacks og mange blide ungdommar å sjå i lokala til Mjølkerampa. Ungdomshuset var ope frå 14 til 19 for ungdom frå 8. klasse til 18 år denne dagen.

– Ved større arrangement som dette sender me også invitasjon til Notodden og Hjartdal, seier aktivitetsleiar Ane Viktoria Strøm Linde.

Aktivitetsleiarane ønsker velkomen.
Gaming-kake.
Powered by Labrador CMS