Marthe Helen Gåsdalen Gundersen (f.v.), Jon Sollid, Emanuel Pinto Moskog og Vebjørn Aasan djupt konsentrert under Mario Kart-turneringa på det nye ungdomsrommet.

Ungdommane har fått eige gamingrom på biblioteket

Nå har ungdommen fått sitt eige rom med litteratur og gaming på biblioteket i Seljord. Onsdag opna dørene der 23 unge tevla om å bli den beste Mario Kart-sjåføren. 

Publisert

– Eg spelar kanskje PlayStation heime eit par timar kvar dag, fortel Nils Forberg og legg til at han likar Rocket League aller best. 

Onsdag var han og mange andre unge på plass på biblioteket i Seljord då det nye ungdomsrommet skulle opne.

Nils Forberg (t.v.), Samuel Rozeboom og Håkon Eftedal Huseby testar ut dei nye Gamboy-spela på biblioteket.

– Det er fint å få tilbod om å spele saman på biblioteket også, eg er her etter skulen av og til, fortel Forberg og legg til at han gjerne sit og snakkar med kameratane når dei spelar heime. 

Onsdag blei han og venene Endre Nordstoga, Håkon Eftedal Huseby og Samuel Rozeboom kalla fram på biblioteket som vinnarar av ei Minecraft byggeturnering dei deltok på i fjor haust. 

– Pokalen, som er eit synleg bevis på at de vann, skal stå i ein monter på ungdomsrommet, kunne Line Skori frå biblioteket fortelje. 

Skori fortel at Seljord faktisk var av dei fire beste biblioteka i Noreg. Meir enn 200 bibliotek deltok.

Ein møtestad for læring

Pokalen som er det synlege beviset på at dei fire ungdommane som vann Minecraft konkurransen i haust.

Ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen (H) fekk gleda av å opne ungdomsrommet – ikkje med å klippe over ei snor denne gongen, men kople frå ein straumleidning.

Ho sa at biblioteket er ein møtestad og ein stad der ein kan lære mykje heile livet for folk i alle aldrar, frå dei unge til dei gamle. 

– Det er ein viktig kulturarena, noko me er veldig glade for.

Mange av dykk unge likar ikkje bare å lese, men også å spele, eller game. At eg skulle opne eit bibliogames-rom, det måtte eg google, eg visste ikkje at det handla om spel, spelopplevingar og videospel på eit bibliotek, vedgjekk ordføraren. 

23 ungdommar frå 4. til 10 klasse hadde meld seg på Mario Kart-turneringa, og lag på fire blei kalla inn til ungdomsrommet for å jakte den beste tida og flest mogleg poeng. Innimellom tevling serverte kulturhuset pizza og saft til deltakarane. 

Det var stor spenning og mykje engasjement inne på ungdomsrommet då Helene Sveinsson frå 7. klasse møtte Sigve Bredesen frå 5. klasse i Mario Kart-finalen.

Takksam for Line

Biblioteket, som er samlokalisert med Granvin kulturhus, held ope kvar vekedag, og har kveldsope to dagar i veka. I tillegg har besøkande høve til å nytte meirope bibliotek på eiga hand.

Biblioteksjef Ingeborg Nenseter Jensen fortel at biblioteket i dag har tilsette i totalt 153 prosent stilling, i tillegg til friviljuge som er gode å spele på lag med og som skaper aktivitet på eige initiativ. 

Éin av dei er Line Skori.

– Eg er biblioteksjef, men Line er gamingsjef her. Line jobbar i ei lita stilling, men gjer ein enorm innsats friviljug i tillegg. Ho er dyktig på litteratur til barn og unge, både til barn i barnehage- og skulealder. Og ho er god på brettspel og gaming, rosar Nenseter Jensen. 

Pussa opp

Med pengar frå Sparebankstiftinga Seljord er det nye ungdomsrommet måla og innreidd, og dei har fått ein Nintendo Switch 2 med åtte spelkonsollar og nokre spel av Bibliogames

Sigve Bredesen fekk beste resultat av 23 deltakarar og vann gaming-boka Power Up av speleksperten Christopher Robin Omdahl.

– Ungdomsrommet har 12 årsaldersgrense, sidan litteraturen som er her inne også er tilpassa denne aldersgruppa, fortel Skori.

Så langt har dei fire ulike spel dei kan velje mellom. 

– Me får snart Fifa, og det er lov å kome med ynske om andre spel også, oppmodar Skori. 

Ho fortel at ungdommane som ynskjer å game på rommet må låne konsollar av bibliotekarane, og får tildelt ei tid slik at fleire får høve til å bruke videospela på ungdomsrommet.

Biblioteket har også kjøpt inn fleire brettspel og tre gameboy-spel som inneheld 500 ulike retrospel som ein kan låne når ein kjem på besøk. 

– Sidan ungdomsrommet har aldersgrense ynskjer eg å få til spelsamlingar for barn mellom 1.–4. klasse ein gong i månaden også. Fyrste samling blir 4. februar etter skulen og kanskje me kan få til nokre jentesamlingar også, seier Skori.

Samuel Rozebooe (t.v.), Håkon Eftedal Huseby, Nils Forberg og Endre Nordstoga vann fylkeskonkurransen i Minecraft i fjor haust. Onsdag fekk dei det synlege beviset, ein pokal av Line Skori på biblioteket. Vinnarane fekk også diplom frå Bibliogames og biblioteket og Granvin kulturhus sponsar gratis billett til Riksteateret si Roblox-framsyning i mars.

Bibliogames

Frivillig organisasjon stifta i 2018. 

Leverer arrangement og kompetanse til bibliotek over heile landet, i samarbeid med mellom anna bibliotekarutdanningane, Norsk bibliotekforeining og fylkesbiblioteka. 

Organisasjonen består av bibliotekarar, ungdom og vaksne med ulik bakgrunn. 

Målet er at alle spelarar skal ha eit lokalt tilbod som fremjar sosialt fellesskap, læring og skaping.

Kjelde: bibliogames.no

Powered by Labrador CMS