Trym Steinbakk fekk ein liten fisk på kroken.

Trym fekk fangst på den årlege fisketuren

I helga er det vintermarken i Kviteseid. Fredag var skulen tradisjonen tru på isen for pilke, grille pølser og danse BlimE-dansen.

Publisert

Fyrsteklassingen Emil Minde sit tålmodig med pilkestanga. Han fortel at han har prøvd isfiske før, men det har blitt dårleg med fisk. 

– Ingen fisk og ingen napp, seier han. 

Men han gjev seg ikkje. 

– Nå har eg bestemt meg for å få, seier Emil lurt. 

Fyrsteklassingen Emil Minde ventar tålmodig på fisk.

Klassekameraten hans Sølve Mostøyl Bjaaland sit like tålmodig ved naboholet. Men heller ikkje Sølve har fått verken fisk eller napp. Sølve fortel at han var på isen under vintermarken i fjor også og prøvde å fiskelykka. 

– Det er moro, seier Sølve. 

Det er ikkje fyrste gong Sølve Mostøyl Bjåland prøvar seg på isfiske. Han synest det er moro.

Tryte på kroken

Denne helga er vintermarken i Kviteseid, og fredagen inviterer Kviteseid jeger- og fiskeforeining heile skulen på isfiske. Det kryr av både store og små på isen, og det store spørsmålet er sjølvsagt  – blir det noko fisk? 

Andrea Breidalen (f.v.), Martine Heimdal Pedersen, Delfina Mitev og Elise Gjerlid Opsund frå 6. klasse.

– Nei, svarar ein jentegjeng frå 6. klasse. 

4. klassingane Mathea Nødland Danielsen og Selma Johre sit tett i tett med kvar sin pilkestong, men heller ikkje dei har fått napp. 

Selma Johre (f.v.), Mari Gjerlid Opsund og Mathea Nødland Danielsen kosar seg på isen.

– Det var ein som fekk ein bitteliten fisk i stad, fortel Ingeborg Lykseth Botnen. 

Men sjølv har ho ikkje fått fisk på kroken. 

– Nei, det er heilt umogleg, seier ho. 

Ingeborg Lykseth Botnen (f.v.), Alina Lid og Sunniva Krogsæter Vala.

Idet ho har sagt det bryt det ut jubel og rop rett ved sia. Trym Steinbakk sveivar og sveivar. Han har fått fangst!

Snart dukkar det opp ein sprellande, ganske liten abbor som har bite på kroken. Den vesle abboren, eller tryta, får ein god gjeng med forsvarar hos publikum. Den er for liten! Kast den uti att! 

Men, nei, protestane når ikkje fram. Tryta har svømt sine siste tak i Sundkilen og Trym kan fornøgd vise fram dagens fangst. 

Powered by Labrador CMS