Hannah Rashid Mohammed (f.v.) frå Åmot, Sigrid Moen Lofthus frå Høydalsmo, Daniella Irarrazabad frå Dalen, Linea Bekk frå Dalen, Kaja Johansen Olsnes frå Åmot, Henny Sandrød Tellefsen frå Høydalsmo, Helbjørg Verstod Nygård frå Åmot, Ida Lio frå Dalen, Siri Marie Nystog, Tuva Tvitekkja Skjelde og Indianna Larsen Solbakken frå Rauland går alle saman på Vest-Telemark vgs.

Trafikktryggleik, vennskap, einsemd og psykisk helse på timeplanen. – Viktige tema, meiner ungdommane

Tre dagar ryddar Vest-Telemark vgs. den ordinære timeplanen og gjev plass til temadagar med tittelen «Eg + livet = sant». 

Publisert Sist oppdatert


– Det er veldig bra eigentleg, og det er viktige tema, seier Kaja Johansen Olsnes. 

Ho og ein god gjeng med venninner har samla seg rundt eit bord i kantina på Vest-Telemark vgs. Det er matpause, og dei brukar som regel å samlast rundt dette bordet eller eit anna bord. 

– Og så er det fint med eit avbrekk, seier Helbjørg Verstod Nygård. 

Dei fleste av jentene går på studiespesialisering, og dei fortel at skulekvardagen kan vere ganske stressande. Og dei kan også kjenne på eit press.  

– I det siste har det vore mykje prøver og det kan vere litt stress, seier Helbjørg. 

Men det kjennest også viktig å gjere det bra. 

– Det er jo viktig for moglegheitene me får seinare, seier Siri Marie Nystog. 

Siri Marie Nystog (f.v.), Tuva Tvitekkja Skjelde og Indianna Larsen Solbakken synest det er fint med eit avbrekk frå den ordinære timeplanen.

Livsmeistring og trafikktryggleik

Fyrste gong Vest-Telemark vidaregåande arrangerte temaveke eller temadagar, var for to år sidan. Ideen kom etter at nokre tilsette og nokre elevar deltok på ein ungdomskonferanse som den gong Vestfold og Telemark fylkeskommune arrangerte. Temaet på ungdomskonferansen var ungdom og rus. 

– Ungdommane som var med syntest det var så bra, og sa at dette burde alle ha vore med på, fortel Birgit Johann Kovajord Olsnes. 

Ho er avdelingsleiar for pedagogisk støtte på skulen. Ideen var dermed sådd, og den fyrste temaveka vart arrangert for to år sidan. Nå er målsettinga å ha temadagar annakvart år. 

Fyrste gong var temaet grensesetting. I år har dei tre temadagane tittelen «Eg+livet=sant», med livsmeistring som overordna tema. I tillegg har dei også ein bolk som handlar om trafikktryggleik, noko dei alltid vil halde fram med uavhengig av kva som er temaet for resten av veka. 

Alle tilsette på Vest-Telemark vgs. legg til sides dei vanlege timeplanane, og ryddar plass til livsmeistring og trafikktryggleik. Avdelingsleiar Birgit Johanne Kovajord Olsnes (f.v.), rektor Siv Reidun Eide og avdelingsleiar Åsne Berge.

I tillegg til Kovajord Olsnes har avdelingsleiar Åsne Berge, Knut Magne Momrak og SLT-koordinator Merethe Reinskås sete i arbeidsgruppa, og planlagt programmet. 

– Me ser på svara frå Ungdata-undersøkinga 2024 for å sjå kva som rører seg hos ungdommane, fortel Kovajord Olsnes. 

– Men alle dei tilsette er i sving desse dagane, og me er også avhengig av dei som sponsar oss, legg ho til. 

Lokalt næringsliv og kommunane Vinje, Tokke og Fyresdal har alle gjeve økonomisk støtte til arrangementet. 

I 2024 svara ein del ungdommar at dei opplever problem med å takle stress, fleire brukar smertestillande, søv mindre og fleire enn før opplyser at dei kjenner seg einsame. Derfor er årets tema livsmeistring. Ungdommane skal bli rusta for dei opp- og nedturane som livet byr på. Dei skal samarbeide om ulike problemløysingar, på foredrag om personleg økonomi, lære om stresshandtering og dei får også møte Geir Aker, fenriken frå Kompani Lauritzen. 

Andre undersøkingar viser ein nedgang i talet på ungdommar som har vore passasjer i bil med rusa sjåfør. Likevel er talet her høgare enn andre stadar i fylket, og derfor er også trafikk og tryggleik på programmet. 

Jentene som går i 2. klasse synest det er bra at trafikktryggleik er på programmet. For sjølv om dei veit om det frå før, er det nyttig med ei påminning. 

– Eg trur det er bra førebygging, seier Siri Marie. 

Dei fortel at dei har lært om stresshandtering. Og det kan kome godt med for jentene synest det kan vere stressande å vere skuleelevar. 

Denne gjengen måtte samarbeide for å få puslespelet til å gå opp. Og dei klarte det til slutt.
Bakken er lava. Gruppa skal kome seg over på andre sida ved å trakke på nokre små matter, ein fot må alltid vere på ei matte og om nokon er borti bakken brenn det.
Ole Martin Sørland Lyslid (t.v.) frå Rauland skal bygge lego og medan Håvard Midtgarden frå Fyresdal gjev instruksjonar medan dei sit rygg mot rygg.
Sigrid Moen Lofthus (f.v.), Siri Marie Nystog og Sunniva Tveito grublar for å løyse ei mordgåte.
Tip-lærar Tor Eivind Ralle (t.v.) og elektro-lærar Odin Wigdahl stiller sporty opp for fotografen når elevane er kamerasky.
Linea Bekk (f.v.), Kaja Johansen Olsnes og Henny Sandrød Tellefsen går alle saman andre året på studiespesialisering.
Elevane skal samarbeide om å kome seg gjennom, over og under dette hinderet. Dei kan ikkje dra i tråden, hoppe eller bruke hola fleire gonger. Dei må altså løfte, bære og samarbeide om å få heile gruppa over på andre sida.
Hannah Rashid Mohammed (f.v.), Sigrid Moen Lofthus og Daniella Irarrazabad sit nesten alltid saman i friminutta.
Helbjørg Verstod Nygård (t.v.) og Ida Lio synest det er godt med avbrekket som temadagane gjev.
I mål. Litt hint måtte til, men dei fann rett plass for alle brikkene til slutt.
I ramma skal det puslast, og dei andre brikkene skal bli til ei pil.
Powered by Labrador CMS