Agnete Mjelland Hafskjold på ein av mange turar til Kongsbergdam i Kviteseid.

Toppturen betyr noko ekstra for Agnete. – Når eg går opp dit tenker eg ekstra mykje på han

Om ein er liten eller stor er det godt å kome seg ut på tur. Å gå topptur er god fysisk trening og i tillegg veldig bra for mental helse, meiner Agnete Mjelland Hafskjold som gjerne besøker heimbygda for å gå tur. Og éin av turane betyr noko ekstra for henne. 

Publisert Sist oppdatert

Frå 1. januar til 9. september var det mogleg å registrere talet på turar ein hadde til årets Ti-toppar i regi av Kviteseid turlag. 

Dette var årets toppar

Hægefjell, Ordalsåta, Roholtfjell, Kastedalsskotet, Venelifjell, Valskorfjellet, Fagerliheii, Høgås, Ånås, Haukstoga, Næring, Austgardsnuten, Brokefjell, Skardstøylnetten og Kongsbergdam.

Kjelde: Kviteseid turlag

Vaksne måtte registrere minst 10 toppar, medan barna måtte ha 5 toppturar for å vere med i trekninga av to gåvekort. Førre veke blei vinnarane trekt.

– Eg trudde de var eldre, de må ha veldig kjappe bein, seier ein overraska leiar i turlaget, Aud Eli Undheim, når ho møter søskentrioen som leverte topptur-registreringa saman og blei trekt ut som vinnarar av eit gåvekort på 1000 kroner frå Intersport i Seljord.

Agnes på fire år, Nils på sju og Åsne på ni har vore på mange turar i sommar. 4-åringen har registrert fem toppar, Nils fortel at han gjekk til seks ulike toppar og Åsne har registrert sju ulike toppturar frå lista til turlaget. 

– Eg likar å gå til Roholtfjell, det er litt bratt, men eg har vore der tre gonger, fortel 9-åringen Åsne. 

Søskena Åsne Smeland og Nils og Agnes Reiten saman med leiar av Kviteseid turlag, Aud Eli Undheim, då dei fekk kvar sitt turkart og eit gåvekort på deling.

Fysisk og mentalt bra

Turlaget trakk også ein vinnar blant dei vaksne som har registrert minst ti toppar denne sesongen. Vinnaren her var utflytta kviteseiding Agnete Mjelland Hafskjold. Ho fortel at ho er veldig glad i å gå toppturar. 

– Eg likar det fordi det er god fysisk trening og i tillegg veldig bra for mental helse, seier ho.

Hafskjold fortel at ho ofte går så raskt ho orker opp, men tar det meir med ro ned igjen, slik at turen skal vare lengre. 

Ho blei veldig glad då Kviteseid turlag starta opp Ti-topparen. Dette gav ho høve til å bli endå betre kjent i bygda ho har vokse opp i. Av toppene ho har gått i år synest ho Hægefjell, Ånås og Ordalsåta er dei finaste. 

Kvar gong Agnete Mjelland Hafskjold går opp til Kongsbergdam i Kviteseid tenker ho på dei mange turane ho hadde opp dit saman med pappa Kåre Hafskjold.

Ein topp for pappa Kåre

Trass i dei finaste toppane, er det likevel den sentrumsnære turen 250 høgdemeter opp til Kongsbergdam som er favoritten hennar. 

– Det er fordi det blei mange turar opp dit med pappa (Kåre Hafskjold, red.mrk). Han gjekk dit fleire gonger i veka då han levde. Når eg går opp dit tenker eg ekstra mykje på han. Og eg har lett tilgang til den turen frå barndomsheimen min, fortel Hafskjold. 

Ho legg til at når ho tar turen frå Skien og heim til mamma i Kviteseid, må ho gå minst ein tur til Kongsbergdammen. 

Hafskjold er imponert over dei frivillige i turlaget som legg til rette for at det er lett å komme seg på tur, og sender ei oppmoding om å støtte Kviteseid turlag.

Bare 30 registrerte seg

I år hadde turlaget ei brosjyre der 15 ulike toppturar blei omtala, og det var eit skjema der ein kunne registrere når ein besøkte dei ulike toppane. Om ein oppfylte kravet om fem eller ti toppar, kunne ein levere skjema og hente ein kopp i premie hos Kviteseid bok og papir. Og slik blei ein også med i tevlinga om dei to gåvekorta.

Leiar i turlaget fortel at det bare var 30 som leverte inn skjema i år. 

– Me veit jo at det er mange fleire som har gått toppturar i Kviteseid, seier Undheim.

Ho og dei andre i turlaget er nyfikne på korleis dei skal organisere neste års titoppar, om det er noko dei bør endre, legge til eller kanskje ikkje det er interesse for dette i det heile? Dei har difor laga ei undersøking slik at dei kan forbetre tilbodet, og dei vil gjerne ha mange innspel, oppmodar ho. 

Undheim garanterer at det blir ny runde med Ti-toppar neste år, og planlegginga er godt i gang. 

– Det blir fem nye toppar me ikkje hadde med i år, både korte og litt lengre, og kanskje nokre toppar med litt historisk innhald, fortel turlagsleiaren. 

Her kan du svare på undersøkinga til Kviteseid turlag.

Søskena Åsne Smeland og Nils og Agnes Reiten anbefalar ein tur opp til toppen av Venelifjell i Vrådal.
Powered by Labrador CMS