
Tok sikte på medlemsauke – og trefte blink
Vinje bogeskyttarlag var sju aktive medlemmar i fjor. Nå er talet nesten firedobla.
Det er ei variert gruppe medlemmar i Vinje bogeskyttarlag. Den fyrste mai var dei tjueseks betalande medlemmar frå fem ulike nasjonalitetar, både karar og kvende, i alderen ti til seksti år. Klubben har fått pengar av kommunen til å kjøpe inn utstyr for å gjere sporten meir tilgjengeleg, og dei har dei brukt godt.
– Me har kjøpt inn komplett bogeutstyr og tryggleiksutstyr til små og store, og me har også venstrehandsbogar, blinkmatter og anna materiale, fortel leiar Øystein Slåtta.
– Dette gjer at me kan ha høg aktivitet og låne ut til alle.
Vil halde kostnaden nede
Det er viktig for bogeskyttarlaget at dei skal vere for alle, og dei har derfor lagt seg på ei medlemsavgift på 220 kroner året (familie 400 kroner) som dekker forbruksmateriell.
– Det er ikkje krav om medlemskap for å kunne delta i aktiviteten, men medlemmar vil bli prioriterte om det blir stor pågang og ved deltaking pả spesielle aktivitetar, opplyser Slåtta.
Bogeskyttarlaget fekk 20 000 kroner til utstyrskjøpet frå Vinje kommune tidlegare i vår. Pengane kom frå potten til idrett og fritid, der ein kan søke om inntil 50 000 kroner ein gong i halvåret.
Fleire andre tiltak har fått støtte denne våren, og alle har det til felles at dei ønskjer å stelle til aktivitet som er billig eller gratis. Til dømes bruker Skorve karateklubb støtta dei får til å sponse ein god del av opphaldet og deltakaravgifta til den årlege sommarleiren i Tønsberg, slik at flest mogleg av medlemmane kan bli med.
