Tobias Drevland Lund, Raudt Telemark

Tobias Drevland Lund

Alder: 29 år

Kjem frå: Kragerø

1. Nemn tre grunnar til at vesttelane skal stemme på deg og ditt parti?

Rødt ønsker ein aktiv distriktspolitikk ved å styrke kommuneøkonomien skikkeleg, vi jobbar for ein ordentleg tannhelsereform i neste fireårsperiode og vi vil styrke bondens inntekt.

2. Vil du gjere noko for å sikre rimelegare straum for folk og næringsliv i Telemark? 

Rødt har dei siste åra kjempa for ein makspris på straum for alle, både folk og næringsliv på 35 øre kWt Dette fordi kraftnasjonen Noreg og i vårt prisområde, NO2, med stort kraftoverskot, må sikre rimelege strømpriser for alle som bur i vår del av Noreg. Det gir inga meining at vi skal betale de dyraste prisane i landet, når vi tross alt produserer mest kraft. Sjå til Tokke, der har dei ein makspris og det bør vi få i heile landet.

3. Meiner du det bør leggast til rette for meir kraftproduksjon i Vest-Telemark? Eventuelt kva type kraftproduksjon?

Vi må bruke krafta vi har strengare og bruke den på det som skaper flest arbeidsplassar og fører til utsleppskutt. Rødt vil også ha ein storstilt oppgradering av eksisterande vasskraft, satsing på energieffektivisering i bygg og industri, bergvarme, fjernvarme, solkraft på grå areal og noko bruk av biogass der det er vanskeleg å elektrifisere.

4. Etterslepet på fylkesvegane har passert 100 milliardar kroner. Kva meiner du bør bli gjort?

Det trengst et skikkeleg løft for fylkesvegane våre. Derfor meiner Rødt at det må bli «vanlege vegar sin tur». Vi har blant anna foreslått ein forpliktande handlingsplan for å få ned vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane våre.

5. Korleis vil du løyse mangelen på helsepersonell i distrikta?

Rødt har lagt fram ein langtidsplan for velferda. Der seier vi at vi må sikre faste og heile stillingar, eit betre arbeidsmiljø og ein auka grunnbemanning. Vi vil bruke to milliardar kroner meir i året kvart år framover for å behalde og rekruttere folk til velferdstenestene.

6. Kvil vil du gjera for at kommunane skal klare å handtere eldrebølga?

Vi må løyse oppgåvene smartare framover. Men, vi må både legge til rette for at folk skal kunne bu heime lengre, men vi må ikkje gløyme behovet for å skaffe fleire sjukeheimsplasser. Då trengst ein styrkt kommuneøkonomi og auka tilskot til det.

7. Korleis vil du få fleire unge til å flytte til distrikta?

Skal vi få fleire unge til å ville bli buande eller flytte til distrikta, kan vi ikkje leggje ned barnehagane og skulane til barna til de som skal bu i kommunen. Kommunane trenger gode offentlege tjenestetilbud for å sikre betre rekruttering, og til det trengst det ein styrka kommuneøkonomi for å finansiere skular, nærleik til helsetenester, god infrastruktur, ein sosial bustadpolitikk og leggje til rette for fleire arbeidsplassar.

8. Om du kunne gjennomført éi sak utan motstand – kva ville det ha vore?

Då ville eg utrydda fattigdom i Noreg ved å auke ytelsene skikkeleg, slik at alle fekk ein garantert inntekt over fattigdomsgrensa. Det gjeld minstepensjonar, sosialhjelp, arbeidsavklaringspengar, uføretrygd med meir. Ingen skal leve i fattigdom i verdas rikaste land!

 

Powered by Labrador CMS