Telenor aukar beredskapen før ekstremvêret

Telenor aukar bemanninga og samlar ressursane sine gjennom helga for å takle ekstremvêret Amy. Både mobil- og breibandsnettet kan få problem.

Publisert Sist oppdatert

– Telenor har eit robust nett med høg oppetid. Vi har også bygd ut mykje av nettet med dobbel linjeføring, noko som aukar redundansen stort. Men vi kan sjølvsagt ikkje sikre oss heilt mot vêr og vind, seier dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor Noreg i ei pressemelding.

Operasjonssenteret blir bemanna opp, og underentreprenørar flyttar ressursar til utsette område.

– Vi har også dialog med kraftselskap. I tillegg deltek representantar frå Telenor i fylkesberedskapsråd med statsforvaltaren i fleire fylke, seier Amundsen.

Så lenge éin av dei tre mobiloperatørane i Noreg har dekning der du er, kan du ringe nødnummer sjølv om den faste mobiloperatøren din ikkje har dekning, understrekar han.

Dei fleste mobilar kan også brukast til å ringe og sende tekstmelding via det trådlause nettet heime eller på jobb.

Ved straumbrot er det reservebatteri på basestasjonane som varer i to eller fire timar.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS