Heidrar historiske hotell i Vest-Telemark
Fortidsminneforeningen Telemark heidrar eigarane av Malenes Hotell i Tveitsund og Vråliosen Hotell for arbeidet med å ta vare på verdifulle kulturhistoriske bygningar.
Nyleg overrekte Fortidsminneforeningen Telemark gåver til Guro og Stian Lilløy, som eig Malenes Hotell i Tveitsund, og Camilla og Kjell Koren, som eig Vråliosen Hotell. Markeringa var ein takk for innsatsen med å ta vare på to bygningar som har lange tradisjonar i Vest-Telemark.
Begge hotella har gjennom fleire generasjonar vore møteplassar for både lokalbefolkning og tilreisande.
– Gjennom mange år har dei to hotella bidrege til å gjere Vest-Telemark til eit attraktivt reisemål. Samtidig fungerer dei som viktige kulturminne, møteplassar og identitetsberarar i lokalsamfunna, seier Trond Loen, styreleiar i Fortidsminneforeningen Telemark i ei pressemelding.
Viktige kulturminne
Fortidsminneforeningen Telemark har i fleire år vore engasjert i arbeidet med å bevare dei to hotella. Særleg har arbeidet med Malenes Hotell vore sentralt for foreininga.
Gjennom arbeidet til foreininga vart hotellet løfta fram nasjonalt og ført opp på Fortidsminneforeningen si nasjonale raudliste over verneverdige bygningar i fare. Det bidrog til større merksemd rundt behovet for bevaring og vedlikehald.
Fortidsminneforeningen peikar på at historiske bygningar som desse fortel viktige historier om menneska som har levd og arbeidd i regionen.
– Det er inspirerande å sjå eigarar som investerer både tid og ressursar i å bevare kulturarven, samstundes som dei held bygningane levande gjennom aktiv drift, uttala representantar frå Fortidsminneforeningen under overrekkinga.
Pengegåvene på 15 000 kroner blei tekne imot med takksemd frå hotelleigarane.
– Dette er ei anerkjenning som betyr mykje for oss. Me arbeider kontinuerleg med vedlikehald og utvikling av bygningane, samtidig som me ynskjer å ta vare på særpreget og historia som sit i veggane, sa dei.
Med markeringa ynskjer Fortidsminneforeningen å synleggjere kor viktig det er å ta vare på historiske bygningar og kulturmiljø. Foreininga håpar også at anerkjenninga kan inspirere fleire til å verne om kulturarven i regionen.