Signerte avtale om 24 nye omsorgsbustader på Rauland
Vinje kommune og Allstad har signert avtale om etablering av 24 nye omsorgsbustader ved Rauland sentrum. Prosjektet omfattar òg dag- og aktivitetssenter og base for heimetenesta.
Dette kjem fram i ei pressemelding frå Allstad, som også opplyser at byggjearbeidet etter planen skal starte i løpet av neste år.
– Me er svært glade for å ha kome fram til ein avtale med Vinje kommune. Målet er å gje eldre innbyggjarar og personar med omsorgsbehov eit moderne butilbod som legg til rette for tryggleik, sjølvstende og nærleik til tenester, seier Per Magnus Haugen Presthammer, direktør for omsorgsbustader i Allstad.
Omsorgsbustadene er venta å stå ferdige mot slutten av 2028.
Kommunen skal leige
Vinje kommune har valt ei løysing der kommunen ikkje sjølv skal eige bygningane.
Eigedomsfondet Samfond, med KLP som hovudinvestor, kjøper prosjektet av Allstad. Deretter skal Vinje kommune leige omsorgsbustadene gjennom ein langsiktig avtale med fondet.
Modellen gjer at kommunen får tilgang til nye omsorgsbustader utan å måtte stå som eigar av bygningane.
Ifylgje Helge Haaland i Samfond er dette ei løysing fleire kommunar har fått augo opp for.
– Modellen gir kommunen tilgang til å inngå ein langsiktig, føreseieleg og fleksibel leigeavtale for omsorgsbustadene. Fleire kommunar har fått augo opp for denne moglegheita, som eit alternativ til å auke gjeldsopptaket og bere risikoen ved store einskildinvesteringar, seier han.
Skal møte aukande behov
Ordførar Jon Rikard Kleven meiner prosjektet vil gjere helse- og omsorgstenestene meir framtidsretta.
– Vinje står, som mange andre kommunar, overfor eit aukande behov for helse- og omsorgstenester i åra som kjem. Ved å samle omsorgsbustader og sentrale omsorgstenester på Rauland får me eit meir framtidsretta tilbod der tenestene kjem tettare på fleire innbyggjarar. Det gjer det lettare å bruke ressursane godt og gjev helsepersonellet meir tid til menneske og mindre tid på vegen, seier han.
I haust gjennomførte kommunen ein innbyggjardag og ei spørjeundersøking blant innbyggjarar over 50 år. Undersøkinga viste at fleire opplever utfordringar med trapper, vedlikehald og avstand til tenester der dei bur i dag.
Over halvparten av dei som svara, oppgav at dei på sikt ynskjer å flytte til ein mindre bustad, leilegheit eller ein bustad med fellesareal.
– Me ser at interessa er stor for framtidsretta bustader som er enklare å bu i. Prosjektet svarar godt på desse behova, og me ser fram til å realisere omsorgsbustadprosjektet i Vinje, seier Kleven.