Bjørn Arild Gram (Sp) langar ut mot forslaget til statsbudsjett.

Sp rasar mot budsjettforslaget frå regjeringa: – Dyrare drivstoff og sentralisering

(NPK–NTB): Regjeringa legg opp til dyrare drivstoff, kutt i velferdstilbod og meir sentralisering, tordnar Senterpartiet etter framlegginga av statsbudsjettet.

Publisert

I forslaget frå regjeringa blir CO2-avgifta auka, medan vegbruksavgifta blir redusert noko. Det får finanspolitisk talsperson i Sp, Bjørn Arild Gram, til å reagera kraftig.

– Pumpeprisen er no mange stader over 30 kroner, og svaret til Ap-regjeringa er å auka avgiftene ytterlegare. Pumpeprisen vil altså auka endå meir. Rekninga blir send til dei som ikkje har råd til å kjøpa elbil, lastebilfirma som fraktar varer eller bonden som produserer maten vår, seier han i ei fråsegn til NTB.

Sp meiner statsbudsjettet har eit for tydeleg Oslo-avtrykk og manglar satsing på distrikta.

– Aller verst er det for bygg- og anleggsbransjen. Avgiftene må ned, for dette går utover folk og næringsliv i heile landet, seier Gram.

Gram reagerer også på kommuneopplegget. Ein auke på 500 millionar kroner betyr at dei aller fleste kommunane får godt under 1 million kroner i auka tilskot, påpeiker han.

– Dette er eit budsjett for nedleggingar av sjukeheimar, barnehagar og skular. Det fører til sentralisering av tenester folk treng. Kommunane leverer tenester folk treng i kvardagen, og dette er rett og slett altfor dårleg, seier Gram.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS