Jegerane Olav Hommo (t.v.), Bjørnar Trovatn, Jostein Skolås, Kjetil Solstad, Sigmund Lid, Knut Arne Lid, Kristian Skolås, Vegard Skolås, Halvor Breiseth, Endre Breiseth og Tor Aage Dale (framme) inviterte barnehagen og skulen med på elgjakt.

Skulen og barnehagen med på elgjakt. – Dette er ein fin måte å rekruttere nye jegerar på

Dei unge jegerane kunne fortelje om møte med både hare, elg og til og med dinosaur.

Publisert

Torsdag kveld viste ein stor elgokse seg utanfor stovevindauga i Heimigardsvegen, fortel Åshild Dale.

Men då skule- og barnehagebarna la ut på jakt dagen etter, heldt elgen seg unna.

Godt med ein pust i bakken for både små og store jegerar.

Årleg tradisjon

Rundt 50 små og store deltok då Øyfjell Jeger og Fisk inviterte skulen og barnehagen med på den årlege jaktturen.

Å invitere dei yngste med på jakt har etter kvart blitt ein tradisjon for foreininga.

– Dette er ein fin måte å rekruttere nye jegerar på, vise kvar maten kjem frå og gje barna gode naturopplevingar, seier leiar i Øyfjell Jeger og Fisk, Tor Aage Dale.

Etter fleire timar ute i terrenget smaka det godt med lunsj ved gapahuken. På menyen stod elgsuppe laga av fjorårets fangst.

– Nokre hoppa glatt over elgsuppa, medan andre ville ha påfyll fleire gonger, fortel Åshild Dale.

Elgsuppe med kjøt frå fjorårets jakt var dagens lunsjmåltid.

Sjølv om det ikkje blei felt elg medan barna var med, var det ikkje mangel på opplevingar. Dei unge jegerane kunne fortelje om møte med både hare, elg og til og med dinosaur.

Fyrst etter skuletid blei det felt ein elg, men både skulen og barnehagen skal få ein del av kjøtet.

Powered by Labrador CMS