Skisenteret grov grøft gjennom myr utan løyve
I sommar blei det oppdaga gravearbeid i omsynsområde for landskap mellom Rauland skisenter og Holtardalen. Nå kjem søknaden om dispensasjon til tiltaket, som skisenteret ikkje trudde var søknadspliktig.
I sommar fekk snøkanonane til Rauland skisenter nytt vassrøyr. Delar av grøfta til røyret går gjennom myrterreng der ein må søke om dispensasjon før ein gjer inngrep. Det blei ikkje gjort, kjem fram i sakspapira til plan- og miljøutvalet i Vinje.
Kommunen fekk greie på at gravinga gjekk føre seg, og den 18. august drog dei til området for å undersøke. Dei tok kontakt med Rauland skisenter, og fann då ut at gravinga skuldast at snøkanonane skulle få ny vassleidning. Traseen til det nye vassrøyret følgde traseen til det gamle vassrøyret, og skisenteret trudde at ei oppgradering av denne ikkje måtte søkast om, står det i papira.
Bakgrunnen for misforståinga er at då vassrøyret fyrst vart lagt, var terrenget den gjekk gjennom ikkje klassifisert som omsynsområde. Seinare har det skjedd endringar i kommunedelplanen, noko som gjer at ein må søke før ein kan grave grøft.
Håvard Bjørke skriv på vegner av Rauland skisenter i søknaden at dei handla i god tru om at tiltaket ikkje var søknadspliktig, at arbeidet blei utført på den tørraste delen av sommaren, og at det blei gjort så mange avbøtende tiltak som mogleg for å hindre skade i LNF-området. Skisenteret kallar det «svært beklageleg» at søknaden kjem etter at arbeidet er ferdigstilt, blir det referert i saka.
Kommunedirektøren si vurdering er skisenteret bør få dispensasjon til tiltaket. Han viser til at vassleidningen var lovleg etablert i høve tidlegare kommunedelplan, og at oppgraderinga ikkje gjer ytterlegare skade på landskapsområde eller myr. Grøfta som vart laga i sommar går rett nok gjennom myr, men i hovudsak i overkant av myra. Det gjer at myra sin økologiske funksjon vert oppretthalde.
Plan- og miljøutvalet handsamar dispensasjonssøknaden onsdag.