Sikra sigeren på heimebane
Vinje A-lag tok imot Skotfoss på laurdag. Heimelaget vann 2-0.
A-laget til Vinje fekk besøk av Skotfoss på laurdag. Det enda 2-0 til heimelaget.
Vinje pressa bra frå start og dominerte spelet dei fyrste minuttane. Men då laga gjekk til pause stod stillinga 0-0.
Det fyrste målet kom etter 49 minutt, og det var Nuhu Musa som sette ballen i nettet. Berre tre minutt etter var det Aganze Silva Ntabala sin tur, og sytte for 2-0 til heimelaget.
Det er seks lag som spelar i denne opprykksserien i 7. divisjon, og Vinje har nå tre poeng. Det same har Skarphedin 2 og Storm 3. Medan Skarphedin 2 ligg øvst på tabellen med 4-0 i målforskjell ligg Storm 3 på andre plass med ein målforskjell på 4-2, og Vinje har 2-0.
Annonse
Neste kamp for Vinje er fredag 29. august då dei skal møte Sannidal 2 på bortebane.