Riskrem – den store dessertfavoritten på norske julebord. Over halvparten av oss vel denne klassikaren på julaftan, ofte servert med raud saus og mandeljakta som høyrer til.

Riskrem tronar som nordmenns juledessertfavoritt

Over halvparten av oss vel riskrem på julaftan. Heile 55 % av dei som har ein tradisjon har denne klassikaren på dessertbordet, viser ei fersk undersøking frå Norstat for Opplysningskontoret for mjølk og meieriprodukt (MJØLK).

Publisert

– Dessertvalet på julaftan er prega av lange tradisjonar, og riskrem står framleis svært sterkt, seier Terese Glemminge Arnesen, ernæringsrådgivar i MJØLK.

Sjølv om riskrem er den store favoritten, finst det tydelege regionale forskjellar. I Nord-Noreg og Trøndelag held mange på tradisjonen med moltekrem – heile 33 % vel denne desserten med moltebær, ein ekte smak av Noreg.

Etter riskrem og moltekrem følgjer karamellpudding og iskrem som populære val.

– Norske meieriprodukt er i verdsklasse, og i jula unner me oss det aller beste. Riskrem og moltekrem er klassikarar som er her for å bli, seier Glemminge Arnesen.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS